Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Regjeringa aukar utstyrsstipendet og satsar meir på fagskulane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa vil i forslaget til statsbudsjettet for 2020 auke utstyrsstipendet for elevar i vidaregåande opplæring, opprette 100 nye studieplasser i høgare yrkesfagleg utdanning og greie ut eit nasjonalt lærlingtorg. – Noreg treng fleire fagarbeidarar både i dag og i framtida. Fagarbeidarar er viktige for å behalde eit berekraftig velferdssamfunn og for å klare omstillinga til ein grøn og framtidsretta norsk økonomi, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

I NHOs kompetansebarometer for 2019 seier om lag 60 prosent av bedriftene at dei har behov for folk med yrkesfagleg kompetanse frå vidaregåande opplæring. Om lag halvparten seier at dei har behov for kompetanse på fagskulenivå. Regjeringa meiner derfor at det er nødvendig å heve statusen til yrkesfaga og redusere fråfallet ved utdanningane for å utdanne fleire fagarbeidarar. 

Aukar utstyrsstipendet for elevar i vidaregåande opplæring 

Stipendet som elevar i vidaregåande opplæring får frå Lånekassen for å dekke nødvendig utstyr, har lenge vore for dårlig tilpassa dei ulike studieretningane. Dette er ein del av yrkesfagløftet.  

– For mange elevar har det vore for stor skilnad mellom utgiftene dei faktisk har og stipendet frå Lånekassen. No aukar vi stipendet med totalt 25 millionar kroner, slik at det skal vere betre samsvar mellom utgiftene elevane har til utstyr og stipendet. Då legg vi endå betre til rette for at unge kan ta ein yrkesfagleg utdanningsveg, seier Sanner. 

Ein elev som tek bygg- og anleggsteknikk, vil med dei nye endringane få ein auke på om lag 2000 kroner i året.  

100 nye studieplasser på fagskulane  

Allereie er yrkesfaga styrkte med meir enn 600 millionar kronar i perioden 2013-2019. Fagskulane har ei viktig rolle i å utdanne kompetent arbeidskraft over heile landet. No vil regjeringa opprette 100 nye studieplassar i fagskulane. Studieplassane er tilpassa det å stå i jobb under studia, og kjem på toppen av 638 nye studieplassar frå 2018-budsjettet.  

Nasjonalt lærlingtorg 

Regjeringa vil òg greie ut eit nasjonalt lærlingtorg. I første omgang blir det foreslått 5 millionar kroner til dette. 

– Målet er å gjere det enklare for bedrifter som leitar etter lærlingar og elevar som leitar etter lærebedrift å finne kvarandre. På same tid frigjer vi ressursar hos fylkeskommunen og opplæringskontora. I fjor fekk 74 prosent av alle søkarar læreplass og dette er det høgaste sidan målingane starta i 2011. Men det er fortsatt for mange som ikkje får læreplass og derfor er tiltaket viktig, seier kunnskaps- og integreringsministeren.  

Regjeringa held fram satsinga på å skaffe fleire læreplassar. Mellom anna har regjeringa innført krav om bruk av lærlingar og auka lærlingtilskotet.  

Yrkesfag viktig i integreringspolitikken  

Regjeringa foreslår å bruke 15 millionar kroner på tilrettelagt fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar. Den nye tilskotsordninga skal stimulere til at fylkeskommunane vil etablere og gjennomføre slike tilbod.  

Regjeringa foreslår òg å vidareføre forsøka med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring, blant anna i helsearbeidarfaget. Forsøka skal vare til 2023 og bidra til å gjere opplæringa betre tilpassa behova til vaksne og gjere vegen til fagbrev kortare.  Som del av kompetansereforma Lære heile livet skal det òg prøvast ut insentivordningar for livslang læring, i første omgang vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar.  

Sjå meir i pressemeldinga.