Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Regjeringa trappar opp kompetansereforma «Lære heile livet» med 112 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Norske verksemder melder at dei manglar kompetanse. Regjeringa ønsker derfor å trappe opp kompetansereforma «Lære heile livet» med ei satsing på 112 millionar kroner. – Statsbudsjettet for 2020 skal bidra til eit grønare og meir moderne Noreg. Vi må skape fleire jobbar og halde fram med å kvalifisere folk slik at dei ikkje går ut på dato, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Regjeringa si kompetansereform «Lære heile livet» skal bidra til at fleire kan stå i jobb lenger og at arbeidstakarar får den kompetansen dei treng. I forslaget til statsbudsjett foreslår regjeringa å bruke til saman over 300 millionar kroner på reforma i 2020.

97 millionar kroner til kompetanseprogrammet

Regjeringa foreslår ein auke på 30 millionar kroner i 2020 til eit kompetanseprogram. Gjennom kompetanseprogrammet skal det utviklast vidareutdanningstilbod som kan kombinerast med arbeid – og som arbeidslivet treng. Programmet skal òg nyttast til å prøve ut insentivordningar for livslang læring, i første omgang ei utprøving av vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar. Totalt vil regjeringa bruke 97 millionar kroner på kompetanseprogrammet i 2020.

Kompetanseprogrammet skal mellom anna styrke arbeidet med treparts-bransjeprogram med 15 millionar kroner i 2020.

Bransjeprogram for kommunal helse- og omsorgssektor og bransjeprogram for industri- og byggenæringa er allereie i gang.  

– No vil vi opne for eit nytt bransjeprogram. Partane i arbeidslivet er nøgde med  spleiselaget der staten betalar for å utvikle og drive utdanningstilboda og verksemdene bidreg med tida til dei tilsette. Dei tilsette sjølve bidreg med noko av fritida si, seier Sanner.

Tilpassar Lånekassen slik at vaksne kan lære heile livet

Regjeringa foreslår fleire tiltak i Lånekassen som vil bidra til at fleire vaksne kan ta utdanning kombinert med arbeid. Det vil bli enklare å ta opp lån, vi innfører eit tilleggslån for vaksne over 30 år og det blir betre vilkår for deltidsutdanning.

– Støtteordningane i Lånekassen er i dag best tilpassa unge som tek si første utdanning, men behova i arbeidslivet gjer at fleire må bygge på utdanninga si eller ta ei heilt ny utdanning. No vil Lånekassen også bli eit godt tilbod for vaksne, seier Sanner.

Endringane kostar 41 millionar kroner i 2020.

Eige tiltak retta mot ungdom

Regjeringa har som mål at 9 av 10 skal fullføre vidaregåande opplæring, og at fleire skal ta fagbrev. I budsjettforslaget foreslår regjeringa 10 millionar kroner til tiltak retta særskilt mot ungdom mellom 16 og 24 år som har falle ut av skule eller opplæring.

– Med satsingane på kompetansereforma i dette budsjettet, som retter seg mot både unge på veg inn i arbeidslivet og eldre som har vore i jobb lenge, sikrar vi at fleire får støtte til ein kompetanse det er bruk for i framtida, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Drift av fleksible vidareutdanningstilbod

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) med 26 millionar kroner for å drifte fleksible vidareutdanningstilbod. Tilboda skal vere for personar som har behov for endra og ny kompetanse som følge av digitalisering og det grøne skiftet.

Tiltak som foreløpig inngår i kompetansereforma Lære heile livet

  • Kompetanseprogrammet (inkludert bransjeprogram, utvikling av fleksible vidareutdanningstilbod og utprøving av insentivordningar)
  • Ordningar i Lånekassen tilpassa vaksne
  • Fleire studieplassar til fagskulane
  • Midlar til drift av fleksible vidareutdanningar (gjennom Diku)
  • Tiltak retta mot unge som fell ut av opplæring
  • Digitale verktøy og digital plattform for etter- og vidareutdanning
  • Modulbasert opplæring
  • Kompetansepluss-ordninga
  • Digital karriererettleiing

Kompetansereforma Lære heile livet

  • Kompetansereforma Lære heile livet starta i statsbudsjettet for 2018. Stortingsmeldinga om reforma kjem våren 2020.
  • 6 av 10 bedrifter svarte i NHOs Kompetansebarometer 2018 at dei har eit udekt kompetansebehov.
  • Deltakinga i vidareutdanning er lågare i dag enn for ti år sidan.  I 2008 deltok 9 prosent av dei sysselsette i vidareutdanning, mot 6 prosent i 2019.