Historisk arkiv

Regjeringa vil gjere det enklare å vere student

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

I statsbudsjettet for neste år held regjeringa fram med satsinga på studentane. No blir det fullt foreldrestipend også for dei som får barn i overgangen mellom studiane og jobb. I tillegg set regjeringa av pengar til ei ny levekårsundersøking for studentar, og fullfører innfasinga av 11 månaders studiestønad.

 – Vi tek no fleire grep for å gjere det enklare å vere student, uavhengig av økonomi og livssituasjon. For å sikre lik rett til høgare utdanning, er det viktig med ei god studiefinansiering og eit godt velferdstilbod til alle studentar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Derfor vil ho gi foreldrestipend til studentar som får barn på slutten av eller rett etter studiane. I dag har denne gruppa berre rett til foreldrestipend frå Lånekassen så lenge dei studerer. Ofte har dei heller ikkje tent opp rett til foreldrepengar gjennom NAV, fordi dei ikkje har jobba nok.

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å utvide retten til foreldrestipend frå Lånekassen.

– Forslaget inneber at personar som får barn enten like før eller innan sju månader etter dei har fullført ein grad, kan få inntil 148 000 kroner i foreldrestipend over 49 veker. Dette gjer overgangen frå utdanning til jobb enklare for dei som blir gravide i slutten av studietida, seier Nybø.

Ordninga er anslått å koste 13,2 mill. kroner i 2020, og 27 mill. kroner frå og med 2021.

Vil undersøke levekåra til studentane

Neste år er det ti år sidan førre levekårsundersøking for studentar. Nybø meiner det no er på tide med ei ny undersøking, og foreslår å bruke 10 millionar kroner i 2020 til dette formålet.

– Vi har trappa opp studiestøtta til elleve månader og auka bygginga av studentbustader. Samstundes veit vi at mange studentar slit med psykiske problem og einsemd. Saman med data frå Studentenes helse- og trivselundersøking (SHoT) vil levekårsundersøkinga gi oss endå betre kunnskapsgrunnlag for å finne nye tiltak for betre studentvelferd, seier Nybø.

Det er SSB som skal gjennomføre undersøkinga som tek for seg dei faktiske økonomiske og bustadøkonomiske levekåra til studentane, som arbeid, bidrag frå familien, gjeld og forbruksvanar.

Fullfører elleve månader med studiestøtte

Sidan 2017 har regjeringa trappa opp studiestøtta for heiltidsstudentar i høgare utdanning og fagskule. Ei ekstra veke med støtte er blitt fasa inn kvart av dei siste tre åra. I budsjettet for neste år vil regjeringa setje av 152 millionar kroner til å utvide studiestøtteperioden med den fjerde og siste veka.

– Neste år får heiltidsstudentar 14 600 kroner meir å rutte med enn dei ville hatt utan regjeringa sine satsingar på studiestøtte sidan 2014. Det er eg glad for, seier forskings- og høgare utdanningsministeren.

Nesten 178 000 heiltidsstudentar vil få utbetalt støtte for ein ekstra månad våren 2020. Det inneber til saman ca. 600 mill. kroner meir i stipend, samanlikna med våren 2016.

2200 nye, grøne studentbustade

Regjeringa og stortingsfleirtalet har over fleire år prioritert å sikre studentar eit rimeleg og føreseieleg bustadtilbod, som eit tillegg til den private bustadmarknaden.

I budsjettet for 2020 foreslår regjeringa å gi tilsegn til 2 200 nye studentbustader. Samla har Stortinget løyvd pengar til 14.700 nye studentbustader frå og med 2015 til og med 2020.

For andre år på rad aukar regjeringa kostnadsrammene og satsane for tilskot.  Dette gjev betre samsvar med faktiske byggekostnadar og held husleiga for studentane så låg som mogleg.