Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022:

120 millionar til fleire barnehagelærarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa vil bruke 120 millionar kroner på fleire barnehagelærar i statsbudsjettet for 2022. Det bidrar til å nå målet om 50 prosent barnehagelærarar innan 2025.

I dag er 43 prosent av dei tilsette i barnehagane barnehagelærarar.

– Barnehagelærarar er nøkkelen til gode barnehagar. Dei veit korleis dei skal få barna våre til å trivast og utvikle seg. Derfor held vi fram satsinga på kvalitet i barnehagane, og styrkjer kommuneøkonomien for å legge til rette for å nå regjeringa sitt mål om 50 prosent pedagogar blant dei tilsette, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

100 millionar kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane frie inntekter er grunngitt med å legge til rette for å tilsette fleire barnehagelærarar. Dette er eit første steg i opptrappinga om å nå regjeringa sin ambisjon om 50 prosent barnehagelærarar blant dei tilsette i barnehagen.

Løyver 20 millionar til utsette område

Regjeringa foreslår også å løyve 20 millionar kroner til eit nytt øyremerka tilskot til auka pedagogtettleik i levekårsutsette område.

– Det er viktig at alle barn får eit godt barnehagetilbod same kvar dei bur og kva for bakgrunn foreldra har. Til dømes kan betre arbeid med språk hjelpe minoritetsspråklege barn og gi betre integrering. Derfor vil vi for første gong ha ein spissa innsats med barnehagelærarar i område med større økonomiske og sosiale utfordringar, seier Melby.

Regjeringa og satsinga på barnehagelærarar

  • I 2018 skjerpa regjeringa kravet om pedagogtettleik i barnehagane. Skjerpinga gjorde at delen barnehagelærarar gjekk opp frå 38 prosent blant dei tilsette, til43 prosent.
  • I Granavolden-plattforma lova regjeringa å auke delen med barnehagelærarar til 50 prosent. I regjeringas strategi for barnehagekvalitet, som vart lansert før sommaren, sette regjeringa som mål om å oppnå dette innan 2025.

  • Tal frå Statistiske sentralbyrå (SSB) viser at det allereie i 2022 vil vere utdanna mange nok barnehagelærarar på nasjonalt nivå til å oppfylle ambisjonen om 50 prosent barnehagelærar i alle barnehagar.