Historisk arkiv

47000 lærarar har fått vidareutdanning sidan 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Til hausten får 7100 lærarar tilbod om vidareutdanning. Det er nesten dobbelt så mange som i 2014. – Sidan 2014 har om lag 47 000 lærarar fått tilbod om vidareutdanning. Denne satsinga gjer fleire gode lærarar enda betre, og elevane lærar meir, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Regjeringa har styrka satsinga på vidareutdanning frå om lag 600 millionar kroner i 2014 til 1,6 milliardar kroner i 2021. Det har gjeve mange lærarar moglegheit til vidareutdanning.

Mest fordjuping i matte, norsk og engelsk

Innan 2025 må dei som underviser i matematikk, engelsk, norsk, norsk teiknspråk og samisk i barneskolen og ungdomsskolen ha tilstrekkeleg med studiepoeng.

Om lag 4000 lærarar i grunnskolen og vidaregåande skole har fått tilbod om vidareutdanning i desse prioriterte faga frå hausten. Alle søknadane som vart godkjende av skoleeigar, vart innvilga av Utdanningsdirektoratet.

Undersøkingar viser at dei fleste lærarar som har tatt vidareutdanning, seier dei har blitt betre lærarar, og at elevane deira lærar meir.

– Lærarar med god fagleg kompetanse er det viktigaste for elevane si læring. Derfor er eg glad for at mange lærarar har søkt om å få vidareutdanning. Fleire fagleg sterke lærarar vil gi oss ein skole der elevane meistrar meir og trivast, seier Melby.  

Mange vil ta spesialpedagogikk og digital kompetanse

Også i praktiske og estetiske fag fekk alle dei 315 som fekk søknaden godkjend av skoleeigar, innvilga vidareutdanning. Samstundes har det vore nær ei dobling i kor mange lærarar som får vidareutdanning i digital kompetanse, frå 419 i fjor til 750 i år. Det er også ny rekord i kor mange lærarar som får vidareutdanning i spesialpedagogikk, frå 294 i fjor til 547 i år.  

Fleire vil bli lærarspesialist

337 lærarar får tilbod om plass på lærarspesialistutdanninga, 100 fleire enn i fjor. Samstundes får over 1700 lærarar godkjend søknad om lærespesialistfunksjon. Det er over 300 fleire enn i fjor, og det er flest som ønskjer å vere lærarspesialist i norsk/lese-skriveopplæring og realfag.

351 yrkesfaglærar og 1000 barnehagelærarar får vidareutdanning

Nesten alle søknader frå yrkesfaglærarar som vart godkjende av skoleeigar, får tilbod om vidareutdanning. I år som i fjor får 1000 barnehagelærarar tilbod om vidareutdanning, og dei fleste får det i rettleiarutdanning for praksislærarar, språkutvikling og språklæring, og pedagogisk leiing og læringsmiljø.

Fakta om videreutdanning av lærere

  • 1. mars var fristen for lærarar til å søke vidareutdanning.
  • Lærarane søker om vidareutdanning til sin skoleeigar (fylkeskommune, kommune og privat skoleeigar)som godkjenner og prioriterer, før søknaden går vidare til Utdanningsdirektoratet.
  • Innan 2025 må dei som underviser i matematikk, engelsk, norsk, norsk teiknspråk og samisk i barneskolen ha 30 studiepoeng, medan dei som underviser i dei same faga i ungdomsskolen, må ha 60 studiepoeng.
  • Kravet om studiepoeng blei innført i 2015. Då blei KS, arbeidstakarorganisasjonane, UHR-LU (tidlegare NRLU) og Kunnskapsdepartementet einige om ein ny strategi for vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet.
  • Sidan 2014 har om lag 40 000 lærarar fått tilbod om vidareutdanning som del av Kompetanse for kvalitet. Hausten 2021 får ytterlegare 7100 lærarar tilbod. Det er om lag 1300 fleire vidareutdanningsplassar enn i fjor, og nesten dobbelt så mange som i 2014. Berre i 2018 var det fleire som fekk vidareutdanning (7207).
  • I tillegg til Kompetanse for kvalitet satsar regjeringa også på vidareutdanning for barnehagelærarar, yrkesfaglærarar og lærarspesialistar.
  • Les meir om vidareutdanning på udir.no