Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022:

800 millionar for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa vil at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring og la i vår fram Fullføringsreforma, den største reforma av vidaregåande opplæring sidan 1990-talet. I statsbudsjettet for 2022 følger regjeringa opp reforma, med over 800 millionar kroner til ulike tiltak for å nå målet om at 9 av 10 skal fullføre. Regjeringa foreslår òg 240 millionar til å ta igjen tapt læring og held fram satsinga på å vidareutdanne lærarar.

– Vi veit at mange utan fagbrev eller vitnemål slit med å få seg ein jobb. Derfor foreslår vi no å bruke 800 millionar kroner som skal gå til konkrete tiltak for å gjere vidaregåande betre tilpassa den einskilde eleven slik at fleire består og fullfører, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

– I løpet av dei siste åtte åra har vi gått frå at 7 av 10 fullfører til at det no er 8 av 10 som fullfører vidaregåande opplæring. Dette betyr at fleire får med seg det avgjerande vitnemålet eller fagbrevet i handa, og at mange tusen fleire elever dermed får betre moglegheiter i livet. Det er ein innsats eg er utruleg stolt av og som vi no bygger vidare på, understrekar Melby.

300 millionar til ein fullføringsrett

Den viktigaste endringa i Fullføringsreforma er at alle som byrjar i vidaregåande skal ha rett til opplæring fram til studie- eller yrkeskompetanse – ein fullføringsrett. Rundt ein femdel av elevane som startar på vidaregåande opplæring, lykkast ikkje med å fullføre etter fem år.

Regjeringa foreslår 304,5 millionar kroner for at dei som har brukt opp retten sin skal kunne halde fram opplæringa til dei har bestått. Vaksne som ikkje har bestått alle fag vil òg kunne kome tilbake til vidaregåande opplæring og få eit vitnemål eller fag- og sveinebrev. Denne retten vil etter planen gjelde frå 2023, i samband med ny opplæringslov.

– Regjeringa gir med dette eit tydeleg signal til alle, både ungdom og vaksne, at det offentlege skal legge til rette for at alle skal kunne fullføre og bestå vidaregåande opplæring, seier Melby.

Meir tilpassa opplæring

Regjeringa foreslår òg 80 millionar kroner for at skulane skal kunna gje meir tilpassa opplæring til elevar som treng det. Til dømes kan det opnast for at elevar som har svake faglege føresetnader kan ta færre fag samtidig eller ta faga over lengre tid.

– I dag er det mange elevar som ikkje greier å fullføre fordi dei manglar karakter i eitt eller nokre få fag. Med ein betre tilpassa skulekvardag kan desse elevane fullføre vidaregåande og få fagbrev eller vitnemål. Målet er at alle skal kjenne meistring, samstundes som dei lærer det dei treng for å realisere potensialet sitt, seier Melby.

Tilbodet til dei som ikkje får læreplass skal bli betre

Regjeringa har satsa på fleire læreplassar gjennom heile perioden. Og det har verka. Talet på nye lærekontraktar auka med 24 prosent i perioden før koronapandemien. Målet er læreplass til alle som søker om det. Likevel er det kvart år mange tusen som står utan læreplass sjølv om ein del bransjar også manglar lærlingar. I fjor gjaldt dette 4 400 ungdommar. Mange av desse blir gåande utan noko å gjere og står i fare for å hamne varig utanfor arbeidslivet. Regjeringa vil derfor ha ei satsing for at desse elevane skal få eit betre tilbod enn dei får i dag.

– Det er brei semje om at dagens tilbod om Vg3 i skole er for dårleg. Tilbodet må i endå større grad enn i dag gje ei opplæring som gir praksis og kvalifiserer til å få læreplass undervegs i opplæringsløpet, seier Melby.

  • 304,5 millionar kroner for at dei som har brukt opp retten til vidaregåande opplæring skal kunne fullføre med studie- eller yrkeskompetanse. I tillegg kjem 5,5 millionar kroner for å tilpasse ordningane i Lånekassen for utdanningsstøtte til utvida rett.
  • 80 millionar kroner for å gje elevar som treng det, meir fleksible og betre tilpassa opplæringsløp og å styrke opplæringa for elevar som stryk eller står i fare for å ikkje bestå fag.
  • 111,8 millionar kroner for å trappa opp tilskotet til nytt fagbrev for dei som allereie har fullført vidaregåande opplæring.
  • 256,5 millionar kroner for å gjere tilbodet til dei som ikkje får læreplass, betre.
  • 46 millionar kroner til auka bruk av ordninga «Fagbrev på jobb». Ordninga er svært etterspurd og gir gode moglegheiter til å ta eit fagbrev medan ein er i arbeid.
  • 100 millionar kroner av veksten i frie inntekter til kommunesektoren er grunngitt med tiltak for den psykiske helsa til barn og unge.

450 millionar kroner til betre kvalitet og kompetanse i barnehagar

Regjeringa foreslår å styrke kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis frå 50 til 100 millionar kroner. Regjeringa forslår òg å vidareføre at ingen skal betale meir enn 6 prosent av den samle inntekta si for ein barnehageplass. Frå januar 2022 har familiar med ein samla inntekt under 607 750 kroner rett til å få redusert foreldrebetalinga, og maksprisen blir sett til 3 315 kroner.

Regjeringa foreslår at 100 millionar kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane blir grunngitt med å legge til rette for fleire barnehagelærarar i grunnbemanninga, og at dette må sjåast i lys av ambisjonen om at 50 prosent av dei tilsette i barne­hagen skal vere barnehagelærarar innan 2025. Departementet foreslår òg å løyve 20 millionar kro­ner til auka pedagogtettleik i levekårsutsette område.

– Regjeringa er oppteken av at alle barn skal få ein god start og gode moglegheiter til å klare seg vidare i livet. Derfor foreslår regjeringa 450 millionar kroner til tiltak som fremjar betre kvalitet og kompetanse i barnehagar, seier Melby. Midlane vil mellom anna bli nytta til å følge opp tiltak i den nye strategien for kvalitet i barnehagane mot 2030, seier Melby.

Regjeringa satsar på lærarar

Pandemien har hatt store konsekvensar for barnas læring. Regjeringa foreslår derfor å løyve 240 millionar kroner i 2022 for å ta igjen tapt læring.

Regjeringa foreslår å styrke vidareutdanningsordninga for grunnskulelærarar med 370 plassar, hovudsakleg i spesialpedagogikk. Samla foreslår regjeringa å bruke 1,7 milliardar kroner i 2022 til vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar, som mellom anna gir rom for å tilby 5 000 nye vidareutdanningsplassar frå hausten 2022. Regjeringa foreslår òg å trappe opp satsinga på karrierevegar for lærarar og vil bruke 272 millionar kroner på dette i 2022.

– Gode lærarar med solid kunnskap er nøkkelen til at elevane skal lære meir. Derfor ønsker vi å styrke den omfattande satsinga på kvalifisering og vidareutdanning av lærarar, og gir fleire moglegheit til å vidareutdanne seg innan spesialpedagogikk, avsluttar Melby.