Historisk arkiv

Sender forslag om rekneskapsskilje for private barnehagar på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa held fram arbeidet med å sikre eit godt tilsyn og openheit om økonomien i dei private barnehagane, og sender no på høyring eit forslag om krav til rekneskapsskilje for private barnehagar som driv fleire barnehagar i same verksemd eller konsern.

– Private barnehagar har vore viktige for å få til full barnehagedekning, og vi skal fortsatt ha eit godt og mangfaldig tilbod framover. Samstundes må økonomien i barnehagane bli meir gjennomsynleg. Det vil sikre at offentlege tilskot og foreldrebetaling kjem barna til gode. Derfor held vi fram arbeidet med regelverket, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

For svak rekneskapsrapportering

I 2019 sende regjeringa på høyring eit forslag om at alle private barnehagar skal vere eit sjølvstendig rettssubjekt. Bakgrunnen er at dagens regelverk gjer det vanskeleg å drive økonomisk tilsyn med private barnehagar som er del av ei verksemd eller eit konsern. Krava til rekneskapsrapportering er for svake. Dei private kjedebarnehagane går fri frå kravet om å rapportere rekneskap til Brønnøysund, som alle verksemder som blir rekna som eit sjølvstendig rettssubjekt, må følgje.

Fleirtalet av høyringsinstansane støtta forslaget om å gjere alle barnehagar til eit sjølvstendig rettssubjekt, men somme av dei største eigarane var imot. Dei hevda at forslaget var kostbart for barnehagane og at det greip for mykje inn i organisasjonsfridomen til private eigarar.

Departementet har i etterkant sett nærare på om det finnes eigna alternative reguleringar til krav om eigne rettssubjekt, som har tilnærma dei same innsyns- og kontrollmoglegheitene. Blant anna har departementet bestilt to nye eksterne rapportar. 

Vil høyra forslag om skilje i rekneskapen

Det nye forslaget frå regjeringa inneheld ei rekkje formelle krav til rekneskap og rapportering for alle private barnehagar. I tillegg stiller det særskilte krav til rekneskapen til barnehagar som er del av ei verksemd eller eit konsern. Desse skal ha eit rekneskapsskilje mellom einingane. For enkeltståande barnehagar vil ikkje forslaget føre til så mykje meirarbeid.

Forslaget er meir fleksibelt enn kravet om eigne rettssubjekt, fordi reguleringa berre inneheld krav om rapportering av rekneskapspostar som er nødvendige for å føre eit godt og effektivt økonomitilsyn. Forslaget inneheld ingen krav til korleis barnehagane skal organisere verksemda si.

Reguleringa av rekneskapsskilje er utforma konkret med tanke på behova for tilsyn og kontroll i den private barnehagesektoren. Dette fører til at det ikkje finst tilsvarande reguleringar i samanliknbare sektorar. Departementet vil derfor følge med på tilsynspraksisen og utviklinga i sektoren. Dersom det er forhold som tyder på at det trengst ei sterkare regulering, vil regjeringa på nytt vurdere om det er behov for å stille krav om at kvar barnehage må organiserast som et eige rettssubjekt.

No vil regjeringa sende forslaget om rekneskapsskilje på høyring.

Høyringsfristen er 1. oktober

Høyringa inneheld i tillegg forslag om forbod mot å drive eller eige anna verksemd i same rettssubjektet som godkjend barnehage også ein ny heimel for å regulere korleis private barnehagar kan bruke overskotslikviditet, og forslag til ny økonomiforskrift for private barnehagar.