Historisk arkiv

Nye marine verneområde i Rogaland og Trøndelag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har i dag oppretta tre nye marine verneområde i sjøen: Jærkysten i Rogaland og Gaulosen og Rødberget i Sør-Trøndelag. I tillegg blir to eksisterande verneområde for våtmark i Gaulosen og Ørin i Nord-Trøndelag utvida.

- Desse nye verneområda er viktige for å ta vare på dei særeigne marine naturverdiane langs den lange norske kystlinja, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Viktig leveområde for artar

Marint vern og vern av våtmark bidreg til å ta vare på naturtypar og viktige leveområde for artar. Dei tre nye marine verneområda og dei utvida eksisterande vernområda utgjer om lag 170 km2nytt vern. Sjå kongeleg resolusjon her.

Jærkysten marine verneområde dekkjer eit relativt stort sjøareal på 142 km2. Sjå kart (pdf). Området er kjent for store grunne parti med sandbotn og rullestein. Det marine verneområdet overlappar delvis med dei eksisterande verneområda Jærkysten landskapsvernområde og Ramsar-området Jæren våtmarksystem. Sjå forskrift (pdf).

Rødberget marine verneområde dekkjer eit areal på 16 km2 i Trondheimsfjorden. Sjå kart (pdf). Det  er eit viktig korallområde. Sjå forskrift (pdf).

Gaulosen marine verneområde, som også ligg i Trondheimsfjorden, dekkjer eit forholdsvis lite areal på 11 km2. Sjå kart (pdf). Området omfattar eit særeiget og relativt urørt elvedelta og estuarium (brakkvannsdelta) og grenser mot Gaulosen naturreservat.  Sjå forskrift (pdf).

Døme på aktivitetar som framleis vil vere tillate:

  • Ferdsel med båt eller andre fartøy
  • Fiske i samsvar med lakse- og innlandsfisklova
  • Drift og vedlikehald av eksisterande sjømerke og andre navigasjonsinstallasjonar
  • Drift og vedlikehald av eksisterande sjøkablar

Døme på aktivitetar som ikkje vil vere tillate:

  • Etablering av ulike typar anlegg
  • Byggeverksemd
  • Plassering av konstruksjonar på sjøbotnen
  • Legging av røyrleidningar og kablar
  • Mudring, sprenging og boring
  • Ankring

To naturreservat blir utvida

Gaulosen naturreservat blir utvida og slått saman med Gaulosen landskapsvernområde og Leinøra og Gaulosen naturreservat. Nytt verna areal aukar med 166 dekar til 2700 dekar.

Ørin naturreservat blir utvida og slått saman med Ørin naturreservat og Kausmofjæra fuglefredingsområde. Nytt verna areal aukar med 509 dekar til 2004 dekar. Områda består av marine elevedelatområde, og mykje av verneområda er relativt grunt vassareal.

– Dei to samanslåingane gir likare og meir heilskapleg regulering og forvaltning av områda, seier Vidar Helgesen.

All ferdsel skal skje varsamt, og ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne. I naturreservatet blir all vegetasjon, dyreliv, reirplassar og hiområde verna mot skade og øydelegging. Tiltak som kan endre naturmiljøet, som f.eks. oppføring av bygningar, anlegg, gjerder, andre varige eller midlertidige innretningar blir forbode. Det blir bandtvang på hund heile året.  Motorferdsel til lands og i vatnet blir forbode. Forskriftene har samtidig generelle unntak frå vernereglane og reglar om ei rekke tiltak som forvaltningsmyndigheita etter søknad kan gi dispensasjon til.

Yrande dyreliv

– De særeigne naturforholda i verneområda gir grunnlag for eit unikt og yrande dyreliv. Alle områda har eit rikt fugleliv og er viktige leveområda for vass- og våtmarksfugl og rasteplassar for trekkande fugl. Det er også eit viktig hekkeområde for fleire fuglearter, seier Vidar Helgesen.  

Rødberget og Gaulosen marine verneområde er begge viktige korallområde, og har også andre sjeldne artar som ålegrassenger og sjøfjær. Sjå forskrifta  (pdf) og kongeleg resolusjon for Rødberget og Gaulosen.

Sikrar leveområde for trua arter og trua naturtypar

Verneområda blir mykje brukt av trua fugleartar som knekkand, sanglerke, makrellterne, bergand og brushane. Oter som er sårbar, held til i Ørin og Gaulosen.

Vernevedtaket vil bidra til at  to av dei nasjonale måla for naturmangfald  kan bli nådd:

  • Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar.
  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast

Frå Meld. St. 14 (2015-2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold

I tillegg bidrar vernevedtaket til å nå internasjonale mål, blant anna målet i FN-konvensjonen om biologisk mangfald om vern og bevaring av område som er viktige for biologisk mangfold og økosystemtenester.

Frå Kausmofjæra fuglefredningsområde, som no blir slått saman med nye, utvida Ørin naturreservat.
Frå Kausmofjæra fuglefredningsområde, som no blir slått saman med nye, utvida Ørin naturreservat. Foto: Gunnar Kjærstad.