Historisk arkiv

Nye reglar for biodrivstoff frå 2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

I bensin og diesel er det ofte blanda inn biodrivstoff. Klima- og miljødepartementet sender i dag på høyring forslag om nye reglar for biodrivstoff frå 2017.

– Transport står for om lag ein tredel av dei norske klimagassutsleppa. Med våre klimamål for 2030, må utsleppa frå vegtrafikk kraftig ned. Biodrivstoff kan vera eit av fleire moglege tiltak for å redusere desse utsleppa. Men det føreset at det er produsert på eit berekraftig vis, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

I dag er det krav om at minst 5,5 prosent av drivstoffet til vegtrafikk skal vera biodrivstoff. Biodrivstoff kan gi lågare klimagassutslepp, men effekten avheng av typen biodrivstoff. Særleg viktig er kva for eit råstoff biodrivstoffet er laga av.

Bruk av matvekster som grunnlag for biodrivstoff, gjev risiko for at matproduksjonen må ta i bruk nye areal. Det kan gi store utslepp for eksempel ved drenering av myrområde eller hogging av regnskog. Resultatet kan bli auka - i staden for reduserte - utslepp.

Stortinget har bede regjeringa sjå på ein auke av innblanda biodrivstoff til 7,0 prosent frå 2017. Stortinget har og bede regjeringa om å laga ein plan for overgang til biodrivstoff med berekraft. I forslaget til nye reglar frå 2017, som er sendt på høyring i dag, har Klima- og miljødepartementet sett på desse vedtaka i samanheng.

– I høyringsnotatet skisserast det to moglege alternativ for omsetningskravet for biodrivstoff frå 2017 og effektane av desse. Regjeringa vil seinare ta stilling på bakgrunn av høyringsinnspela, påpeikar klima- og miljøministeren.

I notatet understrekar Klima- og miljødepartementet at prisen og tilgangen på det mest berekraftige biodrivstoffet er usikker, og bed særleg om innspel på dette. 

Høyringa finn du her.