Historisk arkiv

Colombia og Noreg styrkjer skogsamarbeidet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

Statsminister Erna Solberg og Colombias president Juan Manuel Santos lanserte i dag ein intensjon om å utvide klima- og skogsamarbeidet fram til 2025. Noreg vil bidra med opptil 400 millionar kroner årleg dersom Colombia reduserer avskoginga tilstrekkeleg.

Amazonas
Statsminister Erna Solberg og Colombias president Juan Manuel Santos i Amazonas. Foto: Klima- og miljødepartementet

Dei to regjeringssjefane lanserte dette gjennom ei fellesuttale under eit besøk til Amazonas i samband med statsminister Erna Solberg sitt offisielle besøk i Colombia 9.- 11. april.

Les felleserklæringen her

– Eg er svært glad for at det norske klima- og skogsamarbeidet blir forlenga. Under president Santos har Colombia teke ei rekkje kraftfulle grep for å redusere avskoginga i landet – på et kritisk tidspunkt i fredsprosessen. Med dagens felleserklæring ynskjer vi å støtte opp om vidare innsats for å ta vare på Colombias verdfulle regnskog også etter Santos-administrasjonen, seier statsminister Erna Solberg.

Med denne erklæringa støttar Noreg Colombias målsetting om å stanse tap av naturskog innan 2030. Frå norsk side ligg det ein intensjon om å betale for reduserte utslepp frå skog med opptil 400 millionar kroner årleg fram til 2025, med moglegheit for forlenging til 2030. Ein føresetnad for utbetaling er mellom anna at Colombia kan syne til uavhengig verifiserte utsleppsreduksjonar som følge av at den tropiske regnskogen får stå i fred.

Kamp mot avskoging er viktig for verda

Colombias president Juan Manuel Santos peikar på Noreg som ein viktig alliert i kampen mot avskoging.

– Vern av skogane våre er i Colombia si nasjonale interesse og kan kombinerast med ei meir likeverdig og bærekraftig utvikling. Avskoginga øydelegg for å nå desse måla. Det er difor vi kjempar så kraftfullt og målretta mot den auka avskoginga. Vi har vedteke og gjennomfører ei rekkje umiddelbare tiltak i dei mest sårbare områda, samt tek langsiktige grep for å stanse utviding av landbruksgrensa. Vi vil beskytte miljøgevinsten av fredsprosessen, sier president Santos.

Detaljar i avtalen vil bli forhandla fram etter Colombias regjeringsskifte i august, men Colombia lovar allereie no at desse detaljane skal vurderast av uavhengige internasjonale ekspertar slik at avtalen kan setje ei internasjonal norm for samarbeid under Paris-avtalen.

Urovekkjande utvikling

Erklæringa byggjer videre på klima- og skogsamarbeidet som blei inngått mellom Colombia, Noreg, Storbritannia og Tyskland under klimatoppmøtet i Paris i 2015. Samarbeidet blir utvida på eit kritisk tidspunkt der presset på skogen aukar i mange tidligare konfliktområde. Kriminelle grupper har fylt vakuumet etter FARC-geriljaen og bidrege til storstilt avskoging og skogbrannar.

– Auken i avskoginga er svært bekymringsfull og må møtast med kraftige verkemiddel. Dette har vore eit sentralt tema under besøket. Santos' administrasjon tek situasjonen svært alvorleg og har allereie sett i gong ei lang rekkje viktige tiltak i dei mest utsette regionane, seier Solberg.

Colombia har blant anna sett i gong ein storoffensiv av miljømyndigheiter, politi- og forsvarsinnsats, både nasjonalt og i dei mest utsette regionane.

Nye colombianske initiativ

Under besøket i Amazonas lanserte president Santos eit dekret som vil gje sterkare sjølvstyre i tradisjonelle urfolksområde. Over halvparten av colombiansk Amazonas ligg i urfolksterritorium. Å bidra til at urfolk får auka innverknad og at landrettane deira blir respekterte er ein av dei beste måtane å verne Amazonas-regnskogen. Dette dekretet har Colombias urfolk kjempa for i over 20 år.

Den colombianske landbruksministeren har også varsla ein resolusjon om stans i utviding av landbruksgrensa. Dette betyr at det ikkje er lov å bruke område som er avskoga etter 2010 til landbruksformål. Landbruksgrensa er ein sentral pillar i styresmaktene sin strategi for å stanse avskoginga.

Viktig samarbeid

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen er også med på det offisielle besøket i Colombia, som er eitt av Noreg sine hovudsamarbeidsland for vern av tropisk regnskog. Colombias skogar dekkjer over 600.000 kvadratkilometer – eller nesten to gonger fastlands-Noreg. Over halvparten av Colombia sine klimagassutslepp kjem frå avskoging og landbruk.

– Utan stans i avskoginga og storstilt skogplanting når vi ikkje klimamåla i Paris-avtalen. Dagens erklæring med Colombia sender eit viktig signal om at vern av skog er avgjerande for å nå verdas klimamål, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen. I tillegg er Colombias skogar spesielt rike på biologisk mangfald, kun overgått av Brasil, seier Elvestuen.

Bakgrunn om Norges regnskogsamarbeid med Colombia:

  • Colombia er eitt av Noreg sine hovudsamarbeidsland for vern av regnskogen. 
  • Under klimatoppmøtet i Paris i 2015 vart Colombia, Noreg, Tyskland og Storbritannia samde om eit klima- og skogsamarbeid. I lys av intensjonserklæringa som blei signert mellom partane vil Noreg bidra med opptil 1,8 milliardar kroner totalt for perioden til og med 2020, der minimum 1,5 milliardar kroner kun vil bli utbetalte for verifiserte, altså uavhengig stadfesta, utsleppsreduksjonar.
  • Skogen i Colombia dekkjer over 600.000 kvadratkilometer – eller nesten to gonger storleiken på fastlands-Noreg. Mesteparten av skogen ligg i Amazonas-bassenget.
  • Over halvparten av Colombia sine klimagassutslepp kjem frå avskoging og landbruk.
  • Klima- og skogmidlane vil blant anna gå til tiltak for redusert avskoging og prosjekt for bærekraftig landsbygdutvikling i område som har vore hardast råka av konflikt.
  • Utslepp frå skog i Colombia har gått betydelig ned dei siste åra samanlikna med perioden 1990-2010. Etter fleire år med nedgang gjekk imidlertid avskoginga i Colombia i 2016 opp med 44% samanlikna med 2015; frå 1240 km2 i 2015 til 1786 km2 i 2016. Auken skuldast i stor grad at område som tidligare var utilgjengelege som følge av konflikten og FARCs tilhald no blir tekne i bruk, både lovleg og ulovleg.
  • Ein ser ei auke i ulovleg ekspropriering av jord, kvegdrift, kokaproduksjon, ulovleg gruvedrift og ulovleg tømmerhogst.
  • Colombianske styresmakter var førebudde på at trusselen mot regnskogen kunne auke med fredsprosessen.
  • Innsats er blitt trappa opp i dei områda som er mest utsette for avskoging, særskilt når det gjeld kontroll, handheving og samarbeid med forsvaret og andre sektorar. Spesialeiningar mot ulovleg avskoging er etablerte i dei mest avskogingsutsette fylka, det blir innført stans av ulovleg vegutbygging i Amazonas og utviding av nye verneområde og urfolksterritorium.