Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Auka innsats mot ulovleg laksefiske

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa foreslår å gje Statens naturoppsyn (SNO) 5 millionar kroner til auka oppsyn for å hindre ulovleg fiske etter villaks og sjøaure. Samla innsats for fiskeoppsyn vert 20,5 millionar kroner, mot 15,5 millionar i fjor.

– Tiltak mot ulovleg fiske er viktig for å ta vare på villaksen. Difor aukar vi oppsynet og gjer framlegg om å auke strafferammene. Dette er eit signal om at ulovleg fiske er alvorleg miljøkriminalitet, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Ulovleg fiske  er eit særleg trugsmål mot små og sårbare bestandar. I det internasjonale villaksåret 2019 har det vore på høyring eit framlegg til lovendringar mot ulovleg fiske. Det er foreslått å auke strafferamma for grovt ulovleg fiske frå to til fem års fengsel. Det er òg foreslått nye reglar for mellombels beslag i reiskap og varig inndraging av reiskap, og gebyr for brot på lova.

Framlegget i budsjettet for 2020 inneber ei varig finansiering av ein auka innsats i lakseoppsynet.