Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Aukar løyvinga til Kulturminnefondet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Kulturminnefondet med ti millionar kroner i 2020.Til saman er løyvinga til fondet auka med 65 millionar kroner sidan 2013, frå 61 millionar kroner til 126 millionar kroner.

– Saman med eigarane sikrar Kulturminnefondet at mange verneverdige kulturminne vert sette i stand og får ny bruk. For kvar krone løyvd frå Kulturminnefondet settast det i stand kulturminne for 3,5 kroner. Dette er godt kulturminnearbeid og god samfunnsøkonomi, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.  

Norsk kulturminnefond er ei reindyrka tilskottsordning. Målgruppa er private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

I ei evaluering av Kulturminnefondet frå 2017 fann konsulentselskapet Menon Economics at for kvar krone som vert løyvd frå Kulturminnefondet, vert det brukt 3,5 kroner på istandsetjing av kulturminne. Dei fleste kulturminna som vert sett i stand, får ofte ein ny bruk. Dermed vert det etablert både verdiskaping og næringsverksemd som ei følge av at kulturminne vert sette i stand.

Den siste brukarundersøkinga frå Kulturminnefondet viser at 83 prosent av alle søkjarane er tilfredse med kontakten med fondet. Dei meiner den faglege oppfølginga av prosjekta som Kulturminnefondet tilbyr, er svært viktig. Fire av fem prosjekt som har fått tilsegn om pengar, ville ikkje vorte realiserte utan støtta frå fondet. Ein kan etter dette grovt sett rekne med at 4000 prosjekt over heile landet neppe hadde blitt sette i stand utan støtta frå Kulturminnefondet. Den auka løyvinga bidreg dermed til at mange nye prosjekt vert sette i gang framover.