Historisk arkiv

Ber om faglege råd for å flytte genetisk viktig ulv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet ber no Miljødirektoratet om ei fagleg vurdering av korleis den genetisk viktige ulven i Deisjøriviret kan flyttast. – Det er særs uheldig om den såkalla Elgå-ulven blir skoten, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Det var i august i år at rovviltnemndene i region 4 (Oslo, Østfold og Akershus) og 5 (Hedmark) vedtok at det ikkje skulle opnast for lisensfelling av ulv i eit avgrensa areal utanfor ulvesona i Hedmark. Hensikten var å unngå at ein genetisk viktig ulv i Deisjøreviret vart skoten under den årlege lisensjakta utanfor ulvesona.

Måndag 7. desember 2020 vedtok Stortinget at denne avgrensinga i lisensfellingsområdet utanfor ulvesona skal opphevast. Dette betyr at ulvane i Deisjøreviret kan risikere å bli felte under lisensfellinga.

- Som ansvarleg statsråd vil eg sjølvsagt følgje opp Stortinget sitt vedtak. Samtidig gjer det høge innavlsnivået i den sør-skandinaviske ulvebestanden at det er særs uheldig om den finsk-russiske immigranten som lev i Deisjøreviret blir skoten, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Det er viktig for overlevinga til bestanden at finsk-russiske individ med friske genar vandrar inn i bestanden, slår seg ned og får kvalpar slik at genane deira spreier seg i bestanden.

Hannen i Deisjøreviret er ein slik genetisk verdifull ulv. Ulven vart fyrst registrert i Noreg i fjor vinter. I november 2019 vart ulven merka og flytta frå Engerdal og inn i ulvesona. Dei to ulvane i Deisjøreviret er kjende for å bevege seg også utanfor ulvesona, Stortinget sitt vedtak kan difor føre til at ulvane i Deisjøreviret kan risikere å bli skotne under lisensfellinga.

- Ein måte å hindre at ulvane blir felte under lisensfellinga kan være å flytte dei. Eg ynskjer derfor å flytte ulveparet for å vareta den genetisk verdifulle hannen, om dette blir vurdert som fagleg forsvarleg av Miljødirektoratet, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Klima- og miljødepartementet behandla i slutten av november klager på vedtaket frå region 4 (Oslo, Østfold og Akershus) og 5 (Hedmark). Departementet held oppe både storleiken på kvotene og avgrensinga av områda som blei vedtekne av nemndene i desse klagesakene.