Historisk arkiv

Endringar i friluftslova om lokale ferdselsreglar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Frå i dag kan kommunane sjølve vedta lokale reglar om til dømes telting, riding eller annan ferdsel og åtferd i naturen.

Det er ikkje lengre eit krav at fylkesmannen må stadfeste kommunalt fastsette ferdselsreglar etter friluftslova. Det er viktig at kommunane utgreier, høyrer og kunngjer slike forskrifter i tråd med krava i lova.

Stortinget har oppheva kravet om at fylkesmannen må stadfeste kommunalt fastsette reglar om ferdsel i utmark, ferdsel på veg eller sti i innmark, åtferd på visse friluftsområde og sperring av særleg utsette område. Dette er ei oppfølging av kommune- og regionreforma.

Aurlandsdalen
Vandring i Aurlandsdalen Foto: Hilde Løken Magnussen

Verknaden av lovendringa er at dei kommunalt fastsette reglane vil gjelde straks kommunen har kunngjort dei.

Fylkesmannen får klagerett

Frå før av kan eigaren eller brukaren av eigedommen, andre kommunar, fylkeskommunen eller eit interessert friluftslag klage på slike ferdselsreglar. Denne regelen blir vidareført. Stortinget har no vedteke at fylkesmannen også skal ha slik klagerett. Dette skal bidra til framleis god ivaretaking av allemannsretten.

For at lokalt fastsette reglar om ferdsel og åtferds skal ha verknad som forskrift og kunne handhevast, er det viktig at kommunane følgjer reglane i forvaltningslova. Det er ikkje tilstrekkeleg å berre setje opp eit skilt med "Telting forbode" eller "Riding med hest forbode". Krav i forvaltningslova betyr mellom anna at kommunane må

* Gjennomføre forsvarleg utgreiing av forskrifter

* Sende forslag til forskrifter på høyring til aktuelle partar og organisasjonar (sjå enkelte unntak frå dette i forvaltningslova § 37 fjerde ledd)

* Kunngjere forskriftene i Norsk Lovtidende

Trer i kraft no

Det er i friluftslova § 24 krav om at kommunen i tillegg skal kunngjere forskrifta i ei eller fleire aviser som publikum i kommunen les, og om nødvendig også ved oppslag på eigedomen eller på annan måte.

Du kan lese meir om bakgrunnen for lovendringa her.

Lovendringar trer i kraft i dag. Klima- og miljødepartementet har i brev i dag bede Miljødirektoratet om å orientere fylkesmennene og kommunane om lovendringa og krava til utarbeiding, høyring og kunngjering av forskrifter.