Historisk arkiv

Genetisk verdifull ulv har fått revir og partner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

I november 2019 vart ein genetisk verdifull ulv flytta frå Engerdal til Kongsvinger. Det blei gjort av omsyn til den samiske reindrifta og fordi ulven kan gje eit viktig genetisk bidrag i den sterkt innavla skandinaviske ulvebestanden. Ulven har no fått ein partner og ser ut til å ha etablert revir i ulvesona.

Ulven blir rekna som genetisk viktig fordi han er ein finsk-russisk innvandrar, og reviret han no ser ut til å ha etablert ligg innanfor ulvesona.

- Dette er gode nyheiter, og det første steget med sjølve flyttinga av ulven har vore vellukka. No er det viktig at det blir født kvalpar i det nye reviret. Det er fyrst når kvalpane spreier genane sine vidare at innavlsituasjonen vil bli betre for ulvebestanden i Sør-Skandinavia, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Håper på mindre innavl

Noreg og Sverige har ein felles skandinavisk ulvebestand. Ulven er raudlista og vurdert som kritisk truga i Noreg og sårbar i Sverige. Storleiken på bestanden blir kartlagt kvart år, hovudsakeleg gjennom sporingar på snø og DNA-analysar av innsamla avføring, hår og urin. Registreringane førre vinter viste at det var om lag 380 ulvar i Skandinavia, og om ein reknar inn halvparten av dei 40-41 ulvane i grenserevir vart 84-87 av ulvane påvist i den norske delbestanden. Registreringane vinteren 2019-2020 blir rapportert av Rovdata 1. juni 2020.

Dersom vi får ein større genetisk variasjon i stammen, vil det vere mogleg å ivareta bestanden med eit lågare tal individ, enn dersom innavlsgraden blir for stor.

- Dei skandinaviske ulvane har i gjennomsnitt eit slektskap likt det ein finn hos heilsøsken. Innavl er ein alvorleg trussel for overlevinga til bestanden på sikt. Det er difor naudsynt med jamleg innvandring av ulvar frå den finskrussiske bestanden for å motverke innavl, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Tek over i etablert revir

Tispa som den genetisk verdifulle ulven no har slått seg i lag med, vart første gong registrert i reviret i desember 2018. Ho var førre sesong i par med ein annan han, det er registrert DNA-funn av ulven seinast 19. oktober 2019, men den har i løpet av vinteren forsvunne av ukjent årsak. Det nye ulveparet tek dermed over i eit område som i fleire år har hatt tilhald av andre ulvar. Ulveparet ser so langt ut til å bruke mykje av dei same områda som dei tidlegare revira Deisjø og Julussa.