Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

Ny vêrradar på Finnmarksvidda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa foreslår å bygge ein ny vêrradar på Finnmarksvidda. Radaren skal byggast i Kautokeino kommune og vil koste 27,8 millionar kroner.

Klimaendringane aukar omfanget av vêr som samfunnet ikkje er budd på og vêrhendingar som er vanskelege å føreseie. Sikker og god varsling av ekstremvêr og andre farlege vêrhendingar er derfor viktig.

- Ein ny vêrradar på Finnmarksvidda er viktig for å kunne varsle ekstremvêr betre, men ikkje minst vil han vere av stor verdi for tryggleiken, beredskapen, ferdselen og førebyggjingsarbeidet i Finnmark, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Vêrradaren i Kautokeino kommune vil gi god overvaking av nedbøren i heile Finnmark og vere eit viktig reiskap spesielt for å varsle ekstremvêr og flaum. Ein vêrradar kartlegg og gir informasjon om nedbør og vind over eit stort område. Den viser korleis vêret er akkurat no, i sann tid, og korleis nedbør og vind flyttar seg. Slik kan ein oppdage og varsle farlege vêrfenomen tidlegare.

Planlegging og gjennomføring av uteaktivitetar knytt til forvaltning, primærnæringar, transport og turisme blir sikrare ved auka kvalitet i vêrovervakinga og -varslinga. Radaren gir kunnskap som er særleg viktig for vêrutsette vegstrekningar, som for eksempel E8. Data frå vêrradaren er viktig for flaum- og skredvarslinga hos NVE.

Data frå vêrradar blir og nytta direkte av Meteorologisk institutt sine brukarar og for varslinga av nedbør som ligg på Yr.no.