Historisk arkiv

Truga norsk natur gitt særskilt status

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har bestemd at olivinskog og open grunnlendt kalkmark får status som utvalde naturtypar. Samtidig er elfenbenslav gitt status som prioritert art. Dette er eit viktig steg i arbeidet med å ta betre vare på sårbar og truga natur typisk for Noreg.

- I framtida må vi ha meir natur, og ikkje mindre. Vi må sørge for å ta ekstra omsyn til truga dyr, plantar og natur Noreg har eit spesielt ansvar for, eller som står i fare for å forsvinne. Derfor har regjeringa bestemt å gi ein spesiell rettsleg status til to truga naturtypar, og ein art som er heilt spesiell for Noreg, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Dei to nye utvalde naturtypane er olivinskog og open grunnlendt kalkmark. Elfenbenslav får status som ein prioritert art. Det betyr at vi no har 14 prioriterte artar i Noreg, og 8 utvalde naturtypar.

Les føresegnene i denne saka her

Elfenbenslav
Elfenbenslav er ein sterkt truga art og ein av Noreg sine såkalla ansvarsartar, noko som betyr at vi har meir enn ein fjerdedel av den europeiske bestanden. Elfenbenslav er rekna som ein sjeldan og i Noreg vi finn den først og fremst i Gudbrandsdalen og Valdres.

Elfenbenslav
Elfenbenslav er ein ansvarsart for Noreg og er sterkt truga. Foto: Sigve Reiso

- Elfenbenslav har hatt ein sterk tilbakegang, noko som ville halde fram om det ikkje blir iverksett tiltak. Gjennom sin nye status som prioritert art har eg håp om at tilstanden til arten vil bli forbetra, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Når ein art får status som prioritert betyr det at det kan bli laga reglar for kva som er lov og ikkje lov å gjere innanfor dei viktigaste leveområda til arten, eit såkalla økologisk funksjonsområde. For elfenbenslav er det bestemt eit økologisk funksjonsområde på fire dekar. Det er fast praksis at det blir innført forbod mot uttak, skade eller øydelegging av arten.

  • Fuglar
    • dverggås
    • svarthalespove (underarten islandica i Nord-Norge)
  • Insekt
    • elvesandjeger
    • eremitt
    • klippeblåvinge
  • Plantar:
    • dragehode,
    • honningblom
    • raud skogfrue
    • dvergålegras
    • svartkurle,
    • skredmjelt
    • trøndertorvmose
  • Fjellrev
  • Elfenbenslav

Olivinskog og open grunnlendt kalkmark
Olivinskog er ein særeigen naturtype vi finn hovudsakleg i eit område mellom Sunnmøre og Nordfjord. Olivinskog vert kjenneteikna ved at den veks på bergartar med mineralet olivin og opptrer stort sett som såkalla olivinfuruskog i fjordområda på Vestlandet. Her trivast eit heilt spesielt mangfald av artar.

Open grunnlendt kalkmark er ei anna naturtype vi finn særleg på øyane og områda rundt Oslofjorden. Svært mange artar trivst i slike lyse og kalkrike område, og dette er ein "hotspot" for fleire truga artar. Til dømes er dette ofte leveområde for blomen dragehode som òg er ein prioritert art.

Sjå kart over kvar ein finn elfenbenslav, olivinskog og open grunnlendt kalkmark i Noreg. 

- Olivinskog og open grunnlendt kalkmark er begge sterkt truga naturtypar og leveområde for ulike, verdifulle artar. At desse no får status som utvalde naturtypar gjer at styresmaktene i framtida må ta særskilde omsyn til denne naturen når ein driv med utbygging, arealplanlegging eller anna forvaltning, seier Rotevatn. 

Olivinskog
Her frå ein rik olivinfuruskog i Bjørkedalen, Møre og Romsdal. Foto: Tor Erik Brandrud, Norsk institutt for naturforskning

Når ein naturtype vert utvald inneber det ikkje eit absolutt vern med forbod mot øydelegging, men offentlege styresmakter skal ta særskilt omsyn til naturtypen ved utøving av myndigheit.

  • Slåttemark
  • Slåttemyr
  • Hule eiker
  • Kalksjøer
  • Kalklindeskog
  • Kystlynghei
  • Olivinskog
  • Open grunnlendt kalkmark
Åpen grunnlendt kalkmark
Åpen grunnlendt kalkmark. Frå Geiterholmen i Langesundsfjorden Foto: Sigve Reiso