Historisk arkiv

Vil styrkje kontrollen med ulovlege produkt i varehandelen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa vil endre produktkontrollova slik at det vert enklare å følgje opp klare brot på regelverket som til dømes import av produkt som inneheld ulovlege miljøgifter.

– Varehandelen er sterkt prega av globaliseringa. Internetthandel har gjort det enklare å importere rimelege produkt frå lavkostland. Særleg mindre aktørar på den norske marknaden er ikkje klar over krava som gjeld dei og produkta dei omset. Det kan til dømes bety import av produkt som manglar dokumentasjon på at dei ikkje inneheld ulovlege mengder miljøgifter eller som på annan måte bryt regelverket, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Regjeringa foreslår å endre produktkontrollova slik at tilsynsmyndigheitene får heimel til å følgje opp klare brot på krav i regelverket.

I tillegg foreslår regjeringa å endre produktkontrollova slik at det vert enklare for tilsynsmyndigheitene å undersøke produkt som finst i norske butikkar, utan at dei må gå vegen om produsenten eller importøren.

– Vi ser at det i mange tilfelle av ulike grunnar ikkje er mogleg å få tak i den som produserer eller importerer eit produkt til Noreg. Dette kan til dømes vere fordi det ikkje finst ein ansvarleg representant i Noreg, eller fordi dei ansvarlege er konkurs. Dei foreslegne endringane vil lette arbeidet til tilsynsmyndigheitene, og dei vil bidra til å fremje trygge produkt på den norske marknaden, seier Sveinung Rotevatn.

Lovendringsforslaget vart sendt på alminneleg høyring med høyringsfrist 1. august 2019. Regjeringa går no vidare med forslaga og fremjar ein lovproposisjon for Stortinget.