Historisk arkiv

Felles løft for Oslofjorden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa ønsker at Oslofjorden skal vere rein, rik på liv og tilgjengeleg for alle. No legg regjeringa fram ein heilskapleg tiltaksplan for Oslofjorden med regjeringa sine viktigaste prioriteringar for å gjere miljøtilstanden i Oslofjorden betre.

Miljøet i Oslofjorden er truga. Torskebestanden er på eit historisk lågt nivå. Ærfugl døyr. Tareskogen og ålegrasengene blir mindre. Miljøgifter gjer at vi ikkje bør ete fisk og skalldyr frå delar av fjorden. Marin forsøpling og mikroplast er eit alvorleg miljøproblem.

Samordna innsats på tvers av kommunar, næringar og samfunnssektorar er naudsynt for å nå målet om ein rein og rik Oslofjord.

- Vi kan ikkje sjå på at fjorden som betyr så mykje både for menneske og dyr, er sjuk. No må vi handle for å gjere Oslofjorden frisk. Difor legg Regjeringa fram ein plan med tiltak som til dømes vil bidra til å auke torskebestanden, gi ærfuglane gode leveområde og legge til rette for friluftsliv for alle, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Eit felles råd for Oslofjorden

I den heilskaplege tiltaksplanen for Oslofjorden blir det lagt vekt på å samordne, supplere og forsterke alt det positive som skjer for å ta vare på miljøet i og ved Oslofjorden.

- Eg vil etablere eit Oslofjordråd der eg saman med ordførarane og fylkesordførarane vil sjå til at tiltaka blir gjennomført slik planen legg til grunn. No er det naudsynt at alle som brukar og er glad i Oslofjorden, drar i same retning for å få fjorden på rett kjøl, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

1,6 millionar menneske bur rundt Oslofjorden. Oslofjorden er òg eit viktig reisemål for turistar, særleg om sommaren. Tiltaka i planen vil gjere fjorden meir attraktiv og verdfull for dei fastbuande, for dei tilreisande og ikkje minst for sjølve miljøtilstanden i fjorden.

Nye tiltak

Det er stor bredde på tiltaka i planen. Dei fokuserer på å redusere utslepp av organisk materiale og næringssalt frå kommunalt avløp og avløp frå spreidd busetting. Dei skal bidra til å redusere avrenning frå jordbruksareal, og dei skal bidra til å redusere tilførsle av miljøgifter, marin forsøpling og mikroplast. Tiltaka i planen skal òg bidra til å ta vare på, restaurere og forvalte naturmangfald og kulturminne på ein berekraftig måte. Alle skal kunne utøve eit aktivt friluftsliv, og strandsona må bli meir tilgjengeleg for alle.

Nærings- og fiskeridepartementet vil vurdere nærare reguleringa av trålaktivitet på bakgrunn av ny kunnskap, så som rapporten Krafttak for Kysttorsk og Frisk Oslofjord, i forbindelse med evalueringa av gjeldande tiltak for kysttorsk i Oslofjorden i 2022.

Å revidere forskrifta om gjødselvarer, etablere minst eit freda område for hummar i kvar kommune og opne vegfyllingar som hindrar vatn utskifting t.d. i utlaupet av Glomma, etablere eit naturinformasjonssenter for Oslofjorden og kartlegge gytebekker for sjøaure, og finne fram til tiltak som vil betre bestanden av sjøaure, er døme på konkrete tiltak som vil bidra til å betre miljøtilstanden i Oslofjorden.