Historisk arkiv

3000 kvadratkilometer ny nasjonalpark på Svalbard:

Klima- og miljøministeren opna Van Mijenfjorden nasjonalpark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Van Mijenfjorden nasjonalpark på Svalbard blei offisielt opna denne veka.Nasjonalparken ligg ved dei nedlagde Sveagruvene, der store naturområde no blir restaurerte og sette tilbake til slik dei var før gruvedriften starta i området. Dette er eit av dei største prosjekta for restaurering av natur i Norge nokon gong.

-Det er ikkje ofte vi opnar nasjonalpark i eit tidlegare gruvesamfunn, men at dette skjer i Svea viser at restaurering av natur og økosystem nyttar, sa klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i talen under den offisielle opninga.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V)
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) opna Van Mijenfjorden nasjonalpark, som er ei utviding av tidlegare Nordenskiöldland nasjonalpark med 3000 kvadratkilometer. Foto: Snorre Tønset

Til stades under opninga var mellom andre den nytilsette sysselmeisteren på Svalbard, Lars Fause og leiaren for restaureringsprosjektet Gudmund Løvli frå Store Norske.

Regjeringa har som mål at Svalbard skal vere eit av dei best forvalta villmarksområda i verda.  Verne av Van Mijenfjorden og områda rundt sikrar viktige leveområde for isbjørn og ringsel.  Fjorden er ein av dei mest issikre fjordane på vestsida av Svalbard etter at eit stadig varmare klima har gjort at isen kjem seinare og går tidlegare.  Dette er eit problem for isbjørn som er avhengig av å jakte sel på isen.

-Van Mijenfjorden blir ei klimatisk nødhamn og da er det særs viktig at dyrelivet blir skjerma mot forstyrringar og annan negativ påverknad, sa klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Containere og utstyr Svea
Enorme mengder gruveutstyr, maskiner, bustader og skrot skal rivast, sorterast og gjenvinnast i Svea i den største naturrestaureringa på norsk jord nokon gong. Foto: Snorre Tønset

I Svea har arbeidet med å restaurere naturen pågått i god stund no, men mykje arbeid står enno att.  Nærare 30 bolighus er rivne og hogde opp til flis som skal skipast ut og bli til biobrensle.  Anleggsbrakker og utskipingsanlegget for kol er i ferd med å bli demontert.  Ansvarleg for arbeidet er Store Norske, som har drive Svea gruvene dei siste åra.   Arbeidet har ein samla prislapp på over to milliardar kroner.

Svea har og eigen kraftstasjon og flyplass.  Alt dette skal jevnast med jorda, sorterast og fjernast, men unnatak for nokre få automatisk freda kulturminne.  På dei gamle boligtuftene som blei etablerte av svenske gruvearbeidarar deltek arkeologar i jakta på kuturminne.  I dei delane av Svea der restaureringa har kome lengst, er det knapt mogleg å sjå at det har vore menneskeleg aktivitet.

Flytårnet på Svea flyplass
Om ikkje lenge forlet det siste flyet Svea flyplass og terminalbygningen blir jevna med jorda. Foto: Snorre Tønset

-Eg har stor forståing for at det er vemodig for tidlegare gruvearbeidarar å slette spora etter eigen arbeidsplass og eit samfunn ein har forte glad i. Men no når tida for koldrifta er omme, står det stor respekt av den jobben som blir gjort for å rydde opp i og gi området tilbake til naturen, sa Sveinung Rotevatn.

Eit vern av Van Mijenfjorden er naudsynt først og fremst av omsyn til naturen og det sårbare dyrelivet.  Samtidig er ferdsel og tilgang til hytter i området viktig for lokalbefolkninga på Svalbard og for det organiserte reiselivet på øygruppa.

Van Mijenfjorden
Van Mijenfjorden er viktig både for isbjørn og ringsel på Svalbard. I dei områda av Svea som er restaurerte er det knapt mogleg å sjå at det har vore vegar og gruveaktivitet. Foto: Snorre Tønset/KLD

Dette er det tatt omsyn til i regelverket for nasjonalparken.  Det blir mellom anna tillate for fastbuanda med nødvendig motorferdsel på sjøisen til hytter og for å krysse fjorden.

-Eg har tru på at dette er eit vern som vil sikre området og dyrelivet mot inngrep og forstyrring, men som ikkje er strengare enn at folk og reiseliv på Svalbard vil kunne leva godt med det, sa statsråden.

Rotevatn og Fause
Klima- og miljøminster Sveinung Rotevatn (V) og sysselmester Lars Fause på Svalbard. Foto: Snorre Tønset

 

Les heile talen til statråden her.