Historisk arkiv

Statssekretær Fischer til førebuande møte før klimaforhandlingane i Glasgow

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Statssekretær i klima- og miljødepartementet Mathias Fischer (V) reiser til Milano 29. september for å delta på eit førebuande møte før klimaforhandlingane startar i november. Den såkalla pre-COPen er eit fast, førebuande møte før klimaforhandlingane i Glasgow (COP 26).

I fjor vart klimakonferansen utsett på grunn av koronasituasjonen. Derfor skal årets internasjonale klimakonferanse denne hausten endeleg arrangerast i Glasgow, Skottland. (Klimatoppmøtet er òg kjent under namnet COP 26. Forkortninga COP står for Conference of the Parties, og talet 26 viser til nummeret i rekka av møte.)

- Det blir svært tøffe forhandlingar i år, men eg er optimist. Den siste rapporten frå FNs klimarapport understrekar sterkt alvoret i situasjonen, verda er langt unna å nå måla om å stansa den globale oppvarminga på 1,5 eller 2 grader. Bodskapet frå forskarane er klart, og eg trur beskjeden er nådd fram, seier statssekretær Mathias Fischer (V).

Etter Parisavtalen skal alle land som har underteikna avtalen levera inn nye og forsterka mål kvart femte år. Første gong dette skulle skje var i 2020., men fleire land har ikkje auka sine ambisjonar enno. Ei rapport frå FNs klimasekretariat som analyserer effekten av dei måla som er meldt inn sidan starten av 2020 viser at verda ikkje er i rute for å nå Parisavtalens temperaturmål. Auka ambisjonar og kraftigare utsleppskutt er derfor nødvendig.

Det er høge forventingar til at fleire land, særleg store utsleppsland, aukar sine ambisjonar før COP 26 i Glasgow. Noreg forsterka sitt mål innan fristen i februar 2020.

Finansiering av klimatiltak i utviklingsland blir òg eit sentralt tema. Det er viktig at dei industrialiserte landa gir tydelege signaler om korleis målet om å bidra med 100 milliardar amerikanske dollar årleg skal nås under forhandlingane i Glasgow.

I Katowice i 2018 blei landa einige om den såkalla "regelboka", eit sett reglar som skal utfylle Parisavtalen. Men det er framleis tre viktige punkt landa forhandlar om:

Reglar for marknadssamarbeid der klima- og miljøminister Rotevatn har eit ansvar for ministerkonsultasjonar saman med miljøminister Grace Fu frå Singapore. Felles tidsrammer for klimamåla, og tabellar for landa skal bruke for måling og rapportering av klimautslepp.