Historisk arkiv

Vestlandsrådets nasjonale konferanse om cruiseturisme til Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Statssekretær Atle Hamars opningsinnlegg om cruise under Vestlandsrådets nasjonale konferanse om cruiseturisme til Noreg, 29. oktober i Bergen 2019

Takk for invitasjonen! Eg er glad for moglegheita til å halde opningsinnlegget om cruiseturisme her i dag.

Konferansen er eit flott initiativ som set viktige punkt om cruisetrafikk på dagsorden. Cruiseturismen  til Noreg er stadig aukande, utsleppa frå skipa er betydelege og cruisenæringa er under aukande press både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Eg er difor glad for høvet til å seia litt om viktigheita av eit meir berekraftig reiseliv og presentera noko av arbeidet som regjeringa gjer for reiselivet generelt, og spesielt med å redusera utsleppa frå skipsfarten.

Berekraftig reiselivsnæring

Reiseliv er ei av verdas raskast veksande næringar og interessa for Noreg som ferieland har vore stigande dei seinare åra. Utlendingar stod for godt over 6 millionar overnattingar i Noreg frå mai til og med august i år. Vi har stadig sett rekordar i auka besøk, òg frå cruiseturistane. Både talet på cruiseanløp til Noreg og mengde cruiseturistar aukar. Dette er òg venta å  auke framover.

Reiselivet lever av gode opplevingar som blir til fordi vi tar vare på den storslegne naturen og kulturminna i Noreg. Tilstrømminga av turistar kan likevel by på utfordringar. Difor er det viktig å planleggja godt slik at det ikkje vert slitasje eller forverring av naturen og kulturarven.

I Klima- og miljødepartementet har vi eit sterkt eigarskap til Reiselivsmeldinga som vart lagt fram i 2017. I denne meldinga går det tydeleg fram at målet for reiselivsnæringa er auka verdiskaping og auka lønsemd, samstundes som at denne utviklinga må skje på ein berekraftig måte.

Næringa må difor forvalta ressursane sine i eit langsiktig perspektiv. Berekraft og klima- og miljøomsyn er rett og slett eit premiss for norsk reiselivsnæring!

Som ei oppfylging til reiselivsmeldinga gav Kulturdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet nyleg ut Strategi for kultur og reiseliv – Noreg som attraktiv kulturdestinasjon. Her står det mellom anna at kulturturisme kan bidra til å ta vare på kulturarven gjennom berekraftig bruk og bidra til lokal og regional utvikling.

I oktober 2017 la Regjeringa fram ein strategi for å styrke den grøne konkurransekrafta. Reiselivnæringa er ein del av dette, og reiselivsorganisasjonane leverte i august 2017 "Vegkartet mot eit berekraftig reiseliv", som er eit viktig innspel til regjeringas arbeid for grøn konkurransekraft.

Her går det fram at reiselivsnæringa skal, i eit tett samspel med det offentlege og andre sektorar, søka etter og inspirera til låge klimagassutslepp, tilby lokale matspesialitetar og vera kjenneteikna av grøn verdiskaping. Vidare skal transport til og frå reisemålet vera mest mogleg klima- og miljøvennleg.

Reiselivet skal retta marknadsføringa si inn mot utvalde målgrupper ut frå prinsippet «High yield – low impact», dvs. høg avkasting og låg miljøpåverknad!

Dei fleste turistane i Noreg ynskjer å oppleva både kultur og natur i løpet av ferien sin. Turistane kjem for å oppleva dei spektakulære landskapa våre der både natur og kulturarv inngår. Fjordane våre med mektige fossefall og så ein hyllegard langt oppe i dalsida. Store kontrastar. Midnattssol og fiskevær, fjell og setervollar. Dei vil sjå det som er unikt og eventyrleg.

Internasjonalt har Noreg eit omdøme som både berekraftig og miljømedvitent. Dette er noko som òg skapar forventningar til landet som reisemål. Og skal vi lukkast med å vere eit attraktivt reisemål i framtida, må vi innfri desse forventningane. Skal vi greia det, må alle dei aktørane som er involverte bidra til å utvikla næringa i ei berekraftig retning.

Konsentrasjonar av mange turistar på små område veit vi kan vere utfordrande. Natur- og kulturminneverdiane er sjølve råvara for reiselivet, men jo meir dei brukast, desto større utfordringar får vi med å ikkje bruka opp denne råvara.

Auka bruk gir meir slitasje, meir søppel, trengsel og andre utfordringar. Når for mange turistar vil sjå det same samstundes, blir det og fort kø og trengsel og den unike opplevinga blir øydelagd. Vi har sett dette til dømes på Urnes stavkyrkje, Bryggen i Bergen, Trolltunga, Preikestolen som på bilete her, og i Geiranger.

Men det er mogleg å gjere tiltak slik at opplevinga ikkje vert øydelagt. Regjeringa vil til dømes leggje til rette for at alle nasjonalparkane skal ha ein besøksstrategi innan 2020.



Eit døme på ein særs vellukka ordning er Nasjonale turiststiar.

Gjennom denne ordninga har vi bidrege til betre sikkerheit, betre framkommelegheit og mindre slitasje og forsøpling på nokre av dei mest brukte turiststiane våre. Erfaringane herfrå viser at nokre stiar kan ha eit svært høgt besøk, utan at opplevinga vert øydelagt.

Sidan dette er så vellukka, vil Regjeringa utvikla ordninga med Nasjonale Turiststiar vidare. Miljødirektoratet har i år starta arbeidet med å autorisera stiar som Nasjonale Turiststiar. Den første stien vart autorisert 19. juni. Dette er Fosseråsa i Geiranger, som med dette har vorte Noregs første offisielle Nasjonale turistststi.

Mange av turistane kjem til Noreg med cruise-skip. Den aukande cruisetrafikken er difor utfordrande mange stader, mellom anna i nokre av verdsarvområda våre. Det har medført stort engasjement. Spesielt har synleg røyk frå skip gjeve mange medieoppslag. Dette er tilhøve som fort kan øydelegga for prospektkortet Noreg.

Eg meiner likevel at reiselivsnæringa i Noreg har potensial til framleis å veksa, og at vi kan auka verdiskapinga samstundes som vi tek vare på natur- og kulturminneverdiane.

Men, verdiskapinga frå reiselivet må vera berekraftig og må tilpassast tålegrensa på den enkelte staden!

Her vil eg nemna Vy og Fjord1 som i dag samarbeider om pakketurar som «Noreg i eit nøtteskal». Dei to selskapa har òg etablert eit nytt reiselivsselskap som tilbyr miljøvennlege rundreiser og pakketurar. Målet er å utvikla nye berekraftige destinasjonar saman med lokale aktørar, og at det skal bli enklare å feriera med miljøvennleg kollektivtransport i heile Noreg.

Flåmsbana viser det ypparste av Vestlandets vakre natur. Turistar frå heile verda kjem for å oppleva denne flotta togreisa. Flåmsbana inngår i pakkeløysinga " Noreg i eit nøtteskal ". Dette gjer det enkelt å reisa miljøvennleg til ein av dei mest populære turistattraksjonane i Noreg.

Eg trur faktisk at reiselivsnæringa kan bli ei stadig viktigare næring i Noreg, men då må den vere grøn og vere ein del av lågutsleppssamfunnet. Og ei av dei største utfordringane for eit meir berekraftig reiseliv ligg i transportsektoren.

Klimagassutsleppa frå transport må ned. At næringa sjølv erkjenner dette gir grunn til optimisme. I vegkartet for eit berekraftig reiseliv, påpeikar jo næringa sjølv behov for meir miljøvennlege transportformar.

 

Handlingsplanen for grøn skipsfart

Utsleppa frå transport bringar meg over til regjeringa arbeid med grøn skipsfart. Grøn skipsfart er eit svært viktig tema som regjeringa prioriterer høgt.

I Granavolden-plattforma har regjeringa sett ein ambisjon om å halvera utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030, inkludert å stimulera til låg- og nullutsleppsløysingar i alle fartøyskategoriar. Det har aldri tidligare vore sett eit tydelegare og meir ambisiøst mål for utsleppskutt for innanriks skipsfart.

Handlingsplanen for grøn skipsfart, som regjeringa la fram no i juni skal bidra til å realisera regjeringas ambisjon om utsleppskutt. I handlingsplanen går vi gjennom ulike fartøyskategoriar og ser på kva for grep som er moglege for å forsterka den grøne omstillinga av skipsfarten. Dette omfattar òg cruiseskipa.

FNs sjøfartsorganisasjon, IMO, har òg ein ambisjon om å kutta utslepp frå internasjonal skipsfart med 50 prosent innan 2050.

Den nylege rapporten frå FNs klimapanel viser at klimaendringane vil få alvorlege konsekvensar for livet i havet og for sårbare samfunn langs kysten og i Arktis. Varmare og surare hav kan ramma fiskebestandar hardt. Raskare smelting av isen i Antarktis kan òg gi høgare havnivåstigning enn vi hittil har trudd. Saman med sterkare tropiske stormar vil det bety ein aukande risiko for lågtliggande kystområde.

Men rapporten viser òg at det er mogleg å redusera dei verste konsekvensane betrakteleg, viss vi reduserer klimagassutsleppa raskt. Viss ikkje, kan det bli vanskeleg, for ikkje å seia umogleg, både for naturen og for mange samfunn å tilpassa seg.

Rapporten "Energy Transition Outlook" som DNV GL la fram i september viser òg at den grøne omstillinga går for sakte og at verda er på veg mot ei klimakrise. Det vil seie at Paris-måla om maks 1,5 – 2 grader temperaturstigning ikkje vil nåast med den retninga det no blir styrt. Denne rapporten tar heldigvis òg til orde for at det er mogleg, med eksisterande teknologi, å snu trenden og legga om til teknologi som kan få ned klimagassutslepp, men at det hastar!

Begge desse rapportane forsterkar behovet for grøn omstilling og at tida er knapp. I det ligg det utfordringar, men òg moglegheiter!

Skipsfarten, inkludert cruiseskipa, speler ei særs viktig rolle i arbeidet. Vi må kutta utslepp frå skipsfarten heime, og samstundes bidra til å utvikla løysingar som kan takast i bruk internasjonalt.

Omsetning i teknologiar som reduserer utslepp av klima- eller miljøskadelige gassar innan maritim næring har auka betydeleg dei siste åra. Vi er difor i gang med omstillinga, og satsinga bidrar allereie til vekst og arbeidsplassar langs heile kysten vår.

I ferjesektoren skjer utviklinga raskt. Innan 2021 vil vi til dømes ha rundt 70 elektriske eller hybride ferjer i norske fjordar. Det er over ein tredjedel av landets bilferjer.

På andre område går ikkje utviklinga like fort. "Ordreboka" ved utgangen av 2017 viser at det er eit høgt tal på skip i bestilling med konvensjonell teknologi innan mange fartøyskategoriar.

Derfor treng vi ei forsterka satsing i fleire skips­segment. Båtar i oppdrett og petroleumsverksemd bør raskt over på låg- og nullutsleppsløysingar. Det same gjeld hurtigbåtar og annan passasjertrafikk. Tyngre skip som går lengre distansar må òg over på låg- og nullutsleppsløysingar. Dette inkluderer cruiseskipa.

Med IMOs utsleppsambisjon vil den globale marknaden for null- og lågutsleppsløysingar òg veksa raskt dei neste åra. Vi må sørga for at den maritime næringa vår er godt rusta til å gripa desse moglegheitene.

Omstillingstakta for å nå utsleppmålet for skipsfarten må aukast. Handlings­planen legg derfor fram eit "barometer for grøn omstilling" i skipsfarten. Dette vil visa kvar vi står i introduksjon av låg- og nullutslepps­teknologi i skipsfarten. Arbeidet med barometeret er ei nyvinning, og vil òg bli utvikla vidare.

Satsinga på grøn skipsfart i handlingsplanen er eit tydeleg og godt grep i klimapolitikken. Vi kuttar utslepp heime, vi styrker den maritime næringa vår og vi bidrar til å utvikla teknologi som kan eksporterast globalt. Med satsinga på grøn skipsfart kan vi sikra oss leiarposisjonen inn i lågutsleppssamfunnet!

Regjeringas arbeid med å redusere utslepp frå cruiseskip

Vidare vil eg fokusera på cruiseskipa spesielt. Cruiseskipa i norske farvatn skapar debatt kvart år, både det aukande talet og størrelse på skipa og utsleppa. Spesielt i cruisesesongen blir utsleppa ofte diskutert i media. Vi veit at skipa blir stadig større, og utsleppa er betydelege i tillegg til at dei ofte er skjemmande.

Tal for utslepp frå cruiseskip i Noreg varierer betydeleg med kva for ein kjelde som er nytta. Tal vi har frå DNV GL i 2017, som er basert på AIS-data, viser at dette skipssegmentet bidrog til om lag 7 prosent av klimagassutsleppa frå innanriks skipsfart dette året.  I cruisesesongen var bidraget frå cruiseskipa 17 %. Og utsleppa er aukande!

Cruiseskipa bidrar i tillegg til lokal forureining av nitrogenoksid, svoveloksid og partiklar. Nokre plassar gir utsleppa frå cruiseskipa i periodar ein dårleg luftkvalitet. I 2017 var det registrert 110 individuelle cruiseskip i norske farvatn, og vestlandsfylka har flest anløpte. Cruiseskipa som kjem til Noreg er dessutan relativt gamle med ein gjennomsnittsalder på 25 år.

Regjeringa arbeider for at utsleppa av både klimagassar og utslepp som bidrar til lokal luftforureining frå cruiseskip blir redusert.

Frå 1. mars i år er det på plass eit regelverk for skip i verdsarvfjordane. Verdsarvområda er område som er så viktige at det internasjonale samfunnet har forplikta seg til å ta vare på dei for framtida. Noreg er pålagd eit stort ansvar for å forvalta desse områda i eit langsiktig og berekraftig perspektiv.

I Geiranger vart det avdekt at lufta i periodar kunne vere skadeleg for helsa til folk. Utsleppa i desse fjordane måtte difor ned for å ivareta helsa til folk, miljøet og forpliktingane våra i samsvar med krav i den internasjonale verdsarvkonvensjonen.

Regelverket i verdsarvfjordane inneber i praksis eit tungoljeforbod i fjordane med enkelte unntak for skip som brukar lukka eksosvaskeanlegg og i tillegg har utstyr som reduserer den synlege røyken. I tillegg er det mellom anna innført strengare krav til utslepp av svovel- og nitrogenoksid og forbod mot utslepp av kloakk.

Med dei nye krava skal utsleppa til luft og sjø frå ein aukande cruisetrafikk i desse fjordane reduserast. Det er bra for miljøet lokalt og viser at regjeringa følgjer opp ansvaret for å ta vare på verdsarvområda. Dette bidrar òg til å gjera reiselivet i desse områda meir berekraftig. Dei nye miljøkrava blir lagt merke til òg internasjonalt.

Det har då òg vore langt færre negative medieoppslag og førespurnader frå lokalbefolkning og turistar om skjemmande røyk frå cruiseskip i fjordane denne sommaren enn tidlegare. Det tyder på at krava verkar!

Krava i verdsarvfjordane er eit første steg. Med desse krava på plass greier no Sjøfartsdirektoratet på oppdrag frå oss ut om dei same krava kan setjast til skip i andre norske farvatn. Resultata er venta neste år.

Vi følgjer òg opp Stortinget sitt oppmodingsvedtak frå 2018 med krav til regjeringa om å innføra krav om nullutslepp frå turistskip- og ferjer i verdsarvfjordane så snart det kan teknisk gjennomførast, og seinast innan 2026. Som eit fyrste steg har Sjøfartsdirektoratet fått i oppdrag av departementet å greia ut konsekvensane av Stortingets vedtak.

Det skjer ei rask teknologisk utvikling på mange område i skipsfarten. Eg legg difor til grunn at nullutsleppkravet kan nåast!

Så litt om landstraum. I handlingsplanen for grøn skipsfart blir det gjennomgått moglege tiltak og verkemiddel for grønare hamner, inkludert land og ladestraum for cruiseskip.

Omfanget av miljørelaterte investeringar i hamner har auka betydeleg dei siste åra. Regjeringa har gjennom fleire år styrkt Enova. Sidan 2015 har Enova tildelt over 1,6 milliardar kroner til grøn skipsfart. Støtta har særleg gått til utvikling av skip med batteri. I tillegg har Enova bidratt til ei konkurransebasert utbygging av landsstraum i norske hamner med rundt ein halv milliard kroner til om lag 80 landsstraumprosjekt innanfor den same perioden.

Hausten 2018 opna Kristiansand hamn Europas største landstraumanlegg tilpassa for cruiseskip. Med støtte frå Enova planlegg no Bergen hamn å tilby landstraum til cruise frå 2020. Enova har òg gitt støtte til landstraumanlegg for cruiseskip i Ålesund. Landstraum for cruiseskip er likevel eit kostbart tiltak, samanlikna med landstraum til skip i ordinær trafikk. For å utløysa Enovastøtte må det leggast til rette for at kommunane eller andre aktørar tar ein større del av rekninga, slik Bergen hamn planlegg for.

Regjeringa vil framover legga til rette for rask utbygging av ladeinfrastruktur i heile landet gjennom ein kombinasjon av offentlege verkemiddel og marknadsbaserte løysingar, for å halda tritt med auken i utsleppsfrie transportmiddel.

Mange store cruisehamner i Noreg har no vorte samde om felles tiltak ovanfor cruisenæringa som vil gi mindre utslepp og grønare hamner. Det er veldig positivt!

Regjeringa sitt mål er å ha utsleppsfrie hamner der det ligg til rette for det innan 2030. Dette målet skal nåast i samarbeid med kommunar og hamnemyndigheiter.

 

BILDE NR 8 Eidfjord

Avslutning

Så nokre ord til slutt.

 

Berekraft må ligga til grunn for den vidare utviklinga av cruisenæringa, ei utvikling som må fremma miljømessige, sosiale og økonomiske verdiar, og som gir lokalsamfunna eigarskap til utviklinga.

I ein berekraftig utvikling av næringa ligg det òg at utsleppa frå cruisetrafikken må reduserast ved at det blir innført låg- og nullutsleppteknologiar. Dette er også nødvendig for å møta klimautfordringane og møta utsleppmålet!

Takk for merksemda!