Historisk arkiv

Endringar i vallova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Vallova er endra slik at veljarar med psykiske og fysiske funksjonsnedsettingar som ikkje kan stemme aleine, har rett til å få hjelp av ein stemmemottakar eller ein annan person vedkommande sjølv peiker ut, ved stemminga. Det er ikkje lenger krav om at ein valfunksjonær også skal vere med inn i valavlukket.

Føresegna om plikta til å stå på liste ved stortingsval blir også endra. Dersom ein person ikkje ønsker å stå på ei valliste, er det tilstrekkeleg for fritak at personen gir ei skriftleg erklæring om dette. Dermed er vallova endra i samsvar med endringane som er gjort i Grunnlova.

I tillegg er det vedtatt at kommunane ikkje lenger treng å sende alle valkorta frå førehandsstemminga til fylkesvalstyret.

Endringa trer i kraft straks.

Lovvedtak 67 (2020–2021) – stortinget.no