Historisk arkiv

Ny midlertidig fylkesmann

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Lodve Solholm er i statsråd i dag konstituert til fylkesmann i Møre og Romsdal.

- Vi får behalde ein dyktig fylkesmann med brei og solid erfaring, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Departementet har varsla ein gjennomgong av strukturen av fylkesmannsembeta. Difor blir Solholm tilsett i midlertidig embete. Eventuelle endringar i strukturen blir avgjort seinast 31. desember 2018.

Lodve Solholm (66) har hatt sin første åremålsperiode som fylkesmann i Møre og Romsdal. Solholm er utdanna lærar og har mellom anna arbeidd mange år i Ørskog kommune både som lærar og som etatssjef for kyrkje, undervisning og kultur. Solholm har sidan 1977 vore medlem av ulike politiske utval og var stortingsrepresentant frå 1989-93 i tillegg til 1997-2009, til han byrja som fylkesmann i 2009. Solholm har også vore varaordførar i Ålesund.

Solholm går nå over i det midlertidige embete.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00