Historisk arkiv

Opnar for store naust i Herøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

- Det må kunne byggjast naust slik at flest mogleg får ta del i den lokale båtkulturen, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. I dag opnar han for naust med ein storleik inntil 60 m² i Herøy kommune.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner arealdelen av kommuneplanen for Herøy kommune. Fylkesmannen i Møre og Romsdal hadde motsegn til at planen opna for naust med ein storleik over 40 m². Motsegna er ikkje teken til følgje.

- Vi har teke omsyn til at Herøy kommune har lite press på areala og at det er tradisjon for store naust i denne kommunen, seier Sanner.

Arealdelen av kommuneplanen har føresegner som opnar for naust inntil 60 m² BRA i godkjende byggjeområde. I dei statlege planretningslinene for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen er kysten delt inn i tre soner. Herøy kommune ligg i den sona der presset på areala er minst.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner storleiken på naust i dette tilfellet ikkje vil ha vesentlege, negative følgjer for friluftsliv, landskap eller bygningsmiljø. Kommunen har også klare føresegner om utforminga av nausta. Dette skal forhindre ulovleg bruksendring, som kan gi ei uheldig privatisering i strandsona.

- Kommunen har reglar som skal hindre at nausta vert gjort om til fritidsbustader. Det er viktig at dette vert fulgt opp, seier Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner det er positivt at Herøy kommune styrer naustbygginga gjennom kommuneplanen, slik at ein kan unngå dispensasjonar.

Brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Fylkesmannen i Møre og Romsdal