Historisk arkiv

881 millionar kroner meir i frie inntekter til Hordaland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner i 2018. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2017 til 2018. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2017. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2017 på 4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2018. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2017 til 2018 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2018 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

KommuneAnslag 
på frie inntekter 2018 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2017-2018
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1201 Bergen 14 637 376 435 065 3,1
1211 Etne 246 789 5 046 2,1
1216 Sveio 327 381 7 583 2,4
1219 Bømlo 684 227 10 117 1,5
1221 Stord 980 710 22 253 2,3
1222 Fitjar 193 080 3 186 1,7
1223 Tysnes 184 875 3 508 1,9
1224 Kvinnherad 745 169 18 020 2,5
1227 Jondal 85 966 888 1,0
1228 Odda 411 990 6 177 1,5
1231 Ullensvang 226 342 3 404 1,5
1232 Eidfjord 73 249 814 1,1
1233 Ulvik 88 239 939 1,1
1234 Granvin 69 975 783 1,1
1235 Voss 833 915 23 792 2,9
1238 Kvam 505 721 10 465 2,1
1241 Fusa 241 829 3 275 1,4
1242 Samnanger 153 374 2 264 1,5
1243 Os 834 636 35 057 4,4
1244 Austevoll 341 252 9 840 3,0
1245 Sund 394 234 11 380 3,0
1246 Fjell 1 287 930 33 108 2,6
1247 Askøy 1 540 868 41 854 2,8
1251 Vaksdal 257 823 5 103 2,0
1252 Modalen 45 376 1 074 2,4
1253 Osterøy 426 997 7 087 1,7
1256 Meland 437 551 12 767 3,0
1259 Øygarden 278 460 6 398 2,4
1260 Radøy 290 819 6 655 2,3
1263 Lindås 838 612 12 068 1,5
1264 Austrheim 177 797 6 055 3,5
1265 Fedje 57 306 2 067 3,7
1266 Masfjorden 127 322 1 918 1,5
Fordelast gjennom året 31 000    
Hordaland 28 058 191 748 609 2,7
       
Hordaland fylkeskommune 6 477 415 132 114 2,1

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2018, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2017 til nasjonalbudsjettet 2018, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.