Historisk arkiv

1 milliard kroner meir i frie inntekter til Akershus neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 3,8 milliardar kroner i 2018. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Akershus og Akershus fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2017 til 2018. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2017. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2017 på 4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2018. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2017 til 2018 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2018 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

KommuneAnslag 
på frie inntekter 2018 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2017-2018
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0211 Vestby 917 639 36 186 4,1
0213 Ski 1 657 127 52 161 3,2
0214 Ås 978 536 17 953 1,9
0215 Frogn 841 865 19 689 2,4
0216 Nesodden 981 635 38 338 4,1
0217 Oppegård 1 513 074 42 477 2,9
0219 Bærum 7 691 591 214 279 2,9
0220 Asker 3 679 000 111 327 3,1
0221 Aurskog-Høland 838 131 26 133 3,2
0226 Sørum 954 833 23 325 2,5
0227 Fet 602 724 15 163 2,6
0228 Rælingen 919 101 29 317 3,3
0229 Enebakk 562 441 11 912 2,2
0230 Lørenskog 1 926 087 74 219 4,0
0231 Skedsmo 2 785 898 71 931 2,7
0233 Nittedal 1 248 723 38 580 3,2
0234 Gjerdrum 354 309 7 917 2,3
0235 Ullensaker 1 815 270 57 872 3,3
0236 Nes 1 089 639 40 057 3,8
0237 Eidsvoll 1 271 387 24 918 2,0
0238 Nannestad 658 345 26 772 4,2
0239 Hurdal 167 078 3 793 2,3
Fordelast gjennom året 5 000    
Akershus 33 459 433 983 819 3,0
       
Akershus fylkeskommune 6 148 670 42 777 0,7

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2018, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2017 til nasjonalbudsjettet 2018, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.