Historisk arkiv

Ny direktør for Direktoratet for byggkvalitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Per-Arne Horne er i dag tilsett av Kongen i statsråd som ny direktør for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Stillinga er for ein åremålsperiode på seks år og Horne startar 1. oktober.

– Horne har ein svært relevant kompetanse og lang erfaring som leiar, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Per-Arne Horne er 57 år og utdanna ingeniør frå Trondheim Ingeniørhøgskole. Han har sidan 1987 jobba i ulike stillingar i Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune. I dag fungerer han som leiar for avdelinga for byggjeprosjekt i same etat.

Horne har etter sine mange år i Oslo kommune brei og solid erfaring frå ulike delar av plan- og bygningsregelverket, og god innsikt i kva byggjebransjen og andre som brukar regelverket treng. Dette kjem godt med i arbeidet med å forenkle og betre byggjesaksprosessen, inkludert arbeidet med å få gode digitale løysingar.

Per-Arne Horne
Per-Arne Horne

DiBK er rådgjevar for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, den sentrale styresmakta for det bygningstekniske regelverket, og fører tilsyn med reglane om dokumentasjon av eigenskapane til byggjevarer. Direktoratet driv òg ordninga for sentral godkjenning av føretak etter plan- og bygningslova. Direktoratet har om lag 80 tilsette og kontora ligg i Oslo og på Gjøvik.

– DiBK skal bidra til sikre og gode bygg, og vere pådrivar for enklare og meir digitale byggjeprosessar. Per-Arne Horne har god kjennskap til og interesse for lovverket og utviklinga av det. Eg er trygg på at han vil gjere ein god jobb som leiar for DiBK, seier Mæland.