Historisk arkiv

Regjeringa styrker og effektiviserer fylkesmannen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

- Når kommunar og fylke endrar grenser må staten òg tilpassa seg for å løyse oppgåvene på ein mest mogeleg og effektiv måte til det beste for innbyggjarane, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland. Frå 1. januar 2019 vert ny struktur for fylkesmannen sett i verk, og fellesadministrasjon til fylkesmennene startar opp.

Ved å gå frå 16 til 10 fylkesmannsembete får vi ei rekkje fordelar både internt i staten og i oppfølginga av kommunane. Vi samlar kompetanse i færre einingar. Slik får vi styrkja fagmiljø, betre samordning mot kommunane og meir effektiv drift. Fylkesmannen vil, med unnatak av Oslo, følgje den nye fylkesstrukturen som gjeld frå 1. januar 2020. Vidare får vi ein sams grunnstruktur med 10-12 einingar innan beredskap- og samfunnstryggleik. Dette er vesentleg for god samordning i krisesituasjonar.

- Gode og kostnadseffektive administrative tenester er ei føresetnad for at fylkesmannsembeta kan løyse sine samfunnsoppdrag, seier Mæland.

Ved å samle kompetanse og kapasitet innan dei administrative områda i Fylkesmennenes fellesadministrasjon (FMFA), får vi styrkja dei administrative fagmiljøa. Det bidreg til meir robuste og kostnadseffektive tenester for embeta. FMFA vil, i samarbeid med fylkesmannsembeta, utvikle og drifte viktige digitale tenester for innbyggjarane.

Embeta har om lag 2 000 medarbeidarar og utfører oppgåver for 13 departement og 10 direktorat og tilsyn. FMFA har ved oppstart om lag 220 medarbeidarar, som har kontorplass 18 ulike stader i Noreg. Hovudkontoret ligg i Arendal.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00