Historisk arkiv

305 millionar kroner meir i frie inntekter til Hedmark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Hedmark og Hedmark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0402 Kongsvinger 1 006 443 30 493 3,1
0403 Hamar 1 668 683 50 208 3,1
0412 Ringsaker 1 817 497 48 563 2,7
0415 Løten 413 964 8 612 2,1
0417 Stange 1 099 651 29 870 2,8
0418 Nord-Odal 307 066 8 246 2,8
0419 Sør-Odal 426 273 10 413 2,5
0420 Eidskog 373 170 9 302 2,6
0423 Grue 293 726 5 610 1,9
0425 Åsnes 445 271 11 635 2,7
0426 Våler 225 303 4 886 2,2
0427 Elverum 1 155 976 33 987 3,0
0428 Trysil 403 127 9 363 2,4
0429 Åmot 270 664 5 003 1,9
0430 Stor-Elvdal 169 663 3 049 1,8
0432 Rendalen 131 868 1 985 1,5
0434 Engerdal 103 434 782 0,8
0436 Tolga 113 527 1 691 1,5
0437 Tynset 346 215 6 789 2,0
0438 Alvdal 161 669 5 054 3,2
0439 Folldal 114 622 3 706 3,3
0441 Os 131 968 1 970 1,5
Fordelast gjennom året 12 625    
Hedmark 11 192 407 293 984 2,7
       
Hedmark fylkeskommune 2 603 640 11 348 0,4

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.