Historisk arkiv

Billegare å ringe til Europa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

1. juli 2019 tar nye reglar til å gjelde om maksimal pris for å ringe og sende SMS til eit utanlandsk nummer i EU. – Det inneber at du kan ringe og sende SMS til EU-land utan å betale overpris, seier digitaliseringsminister Nikolai Astrup.

Endringa i ekomloven inneber at følgjande maksimalprisar skal gjelde for samtalar og SMS sende frå Noreg til eit EU-land:

  • Maksimalprisen for samtalar er 2,31 kroner per minutt (inkludert moms). Oppstartavgift kan ikkje krevjast i tillegg.
  • Maksimalprisen for SMS er 0,73 kroner per SMS (inkludert moms)(inkludert opptil 160 teikn).

Maksimalprisane gjeld for samtalar og SMS som blir fakturert per minutt eller per SMS til utanlandske telefonnummer. Dette er eit anna regelverk enn det som gjeld for mobiltenester brukt på reise innanfor EØS, kjent som "roam like at home". Pristaket gjeld heller ikkje dersom internasjonale samtalar og SMS er inkluderte i ein fastprispakke.

Regelverket gjeld kun for privatkunder og ikkje trafikk som går frå eit bedriftsabonnement.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00