Historisk arkiv

1 018 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 1,3 milliardar kroner i 2020. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2019 til 2020. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2019. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2019 på 4,9 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2020. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2019 til 2020 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2020 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2020 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2019-2020
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
4601 Bergen 15 780 348 363 184 2,4
4602 Kinn 1 059 480 12 347 1,2
4611 Etne 263 345 3 650 1,4
4612 Sveio 348 707 3 887 1,1
4613 Bømlo 721 661 15 129 2,1
4614 Stord 1 051 625 17 470 1,7
4615 Fitjar 202 337 3 104 1,6
4616 Tysnes 204 080 5 236 2,6
4617 Kvinnherad 805 134 17 361 2,2
4618 Ullensvang 759 468 16 462 2,2
4619 Eidfjord 81 035 2 307 2,9
4620 Ulvik 93 616 3 638 4,0
4621 Voss 976 541 27 253 2,9
4622 Kvam 544 721 11 122 2,1
4623 Samnanger 161 086 3 468 2,2
4624 Bjørnafjorden 1 077 656 312 0,0
4625 Austevoll 360 742 8 085 2,3
4626 Øygarden 2 140 209 41 949 2,0
4627 Askøy 1 682 903 43 223 2,6
4628 Vaksdal 278 845 8 036 3,0
4629 Modalen 48 328 1 479 3,2
4630 Osterøy 460 772 11 579 2,6
4631 Alver 1 731 654 49 180 2,9
4632 Austrheim 187 459 3 872 2,1
4633 Fedje 59 032 512 0,9
4634 Masfjorden 137 439 4 952 3,7
4635 Gulen 177 462 5 786 3,4
4636 Solund 74 647 3 002 4,2
4637 Hyllestad 106 130 4 372 4,3
4638 Høyanger 276 425 4 068 1,5
4639 Vik 194 571 5 521 2,9
4640 Sogndal 717 376 14 170 2,0
4641 Aurland 128 426 2 251 1,8
4642 Lærdal 151 278 3 282 2,2
4643 Årdal 339 646 11 606 3,5
4644 Luster 342 844 7 049 2,1
4645 Askvoll 214 868 5 587 2,7
4646 Fjaler 209 479 4 724 2,3
4647 Sunnfjord 1 375 146 24 603 1,8
4648 Bremanger 267 571 2 471 0,9
4649 Stad 602 292 11 945 2,0
4650 Gloppen 398 401 8 147 2,1
4651 Stryn 447 237 4 733 1,1
Til fordeling gjennom året 36 800    
Vestland 37 278 824 800 816 2,2
       
Vestland fylkeskommune 9 749 170 217 162 2,3

Fyrste kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2020, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2019 til nasjonalbudsjettet 2020, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.