Historisk arkiv

437 millionar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 1,3 milliardar kroner i 2020. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2019 til 2020. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2019. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2019 på 4,9 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2020. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2019 til 2020 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2020 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2020 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2019-2020
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1505 Kristiansund 1 363 093 24 732 1,8
1506 Molde 1 882 888 52 457 2,9
1507 Ålesund 3 722 582 88 956 2,4
1511 Vanylven 218 684 6 722 3,2
1514 Sande 171 827 2 824 1,7
1515 Herøy 509 528 7 202 1,4
1516 Ulstein 496 879 11 664 2,4
1517 Hareid 309 382 7 077 2,3
1520 Ørsta 625 447 9 403 1,5
1525 Stranda 283 185 3 089 1,1
1528 Sykkylven 439 039 7 048 1,6
1531 Sula 558 528 13 953 2,6
1532 Giske 485 325 9 878 2,1
1535 Vestnes 386 582 9 003 2,4
1539 Rauma 465 056 13 286 2,9
1547 Aukra 223 405 3 650 1,7
1554 Averøy 337 069 4 496 1,4
1557 Gjemnes 175 656 5 794 3,4
1560 Tingvoll 209 903 2 237 1,1
1563 Sunndal 444 587 7 475 1,7
1566 Surnadal 361 301 5 649 1,6
1573 Smøla 152 032 3 246 2,2
1576 Aure 273 993 12 143 4,6
1577 Volda 626 645 5 742 0,9
1578 Fjord 205 284 1 120 0,5
1579 Hustadvika 807 122 13 832 1,7
Til fordeling gjennom året 9 750    
Møre og Romsdal 15 744 774 339 160 2,2
       
Møre og Romsdal fylkeskommune 4 432 733 97 667 2,3

Fyrste kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2020, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2019 til nasjonalbudsjettet 2020, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.