Historisk arkiv

457 millionar kroner meir i frie inntekter til Troms og Finnmark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 1,3 milliardar kroner i 2020. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Troms og Finnmark og Troms og Finnmark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2019 til 2020. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2019. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2019 på 4,9 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2020. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2019 til 2020 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2020 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2020 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2019-2020
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
5401 Tromsø 4 281 291 88 882 2,1
5402 Harstad 1 482 989 39 530 2,7
5403 Alta 1 370 470 24 558 1,8
5404 Vardø 161 595 2 208 1,4
5405 Vadsø 388 826 8 117 2,1
5406 Hammerfest 792 548 8 085 1,0
5411 Kvæfjord 209 792 2 692 1,3
5412 Tjeldsund 312 327 4 203 1,4
5413 Ibestad 112 533 793 0,7
5414 Gratangen 92 368 1 105 1,2
5415 Lavangen 96 205 1 886 2,0
5416 Bardu 260 173 5 499 2,2
5417 Salangen 152 579 3 244 2,2
5418 Målselv 425 358 8 751 2,1
5419 Sørreisa 217 684 2 338 1,1
5420 Dyrøy 99 791 484 0,5
5421 Senja 1 060 154 17 168 1,6
5422 Balsfjord 382 737 12 529 3,4
5423 Karlsøy 177 802 4 011 2,3
5424 Lyngen 228 876 4 684 2,1
5425 Storfjord 151 675 2 289 1,5
5426 Kåfjord 163 047 2 233 1,4
5427 Skjervøy 212 091 6 969 3,4
5428 Nordreisa 323 410 9 571 3,0
5429 Kvænangen 118 484 3 392 2,9
5430 Kautokeino 237 312 3 820 1,6
5432 Loppa 99 220 4 333 4,6
5433 Hasvik 100 770 5 319 5,6
5434 Måsøy 114 172 3 336 3,0
5435 Nordkapp 222 505 1 894 0,9
5436 Porsanger 268 258 3 075 1,2
5437 Karasjok 205 324 4 008 2,0
5438 Lebesby 128 494 2 246 1,8
5439 Gamvik 103 265 878 0,9
5440 Berlevåg 91 718 1 196 1,3
5441 Tana 229 103 5 925 2,7
5442 Nesseby 96 896 1 163 1,2
5443 Båtsfjord 166 036 1 722 1,0
5444 Sør-Varanger 646 994 10 416 1,6
Til fordeling gjennom året 47 300    
Troms og Finnmark 16 032 173 330 320 2,1
       
Troms og Finnmark fylkeskommune 5 099 468 126 325 2,5

Fyrste kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2020, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2019 til nasjonalbudsjettet 2020, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.