Historisk arkiv

595 millionar kroner meir i frie inntekter til Innlandet neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 1,3 milliardar kroner i 2020. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Innlandet og Innlandet fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2019 til 2020. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2019. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2019 på 4,9 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2020. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2019 til 2020 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2020 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2020 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2019-2020
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
3401 Kongsvinger 1 046 216 23 169 2,3
3403 Hamar 1 755 134 43 434 2,5
3405 Lillehammer 1 563 054 30 849 2,0
3407 Gjøvik 1 683 548 34 466 2,1
3411 Ringsaker 1 911 422 46 124 2,5
3412 Løten 429 597 5 887 1,4
3413 Stange 1 162 563 32 445 2,9
3414 Nord-Odal 315 409 4 891 1,6
3415 Sør-Odal 444 075 9 429 2,2
3416 Eidskog 387 202 8 291 2,2
3417 Grue 300 629 4 467 1,5
3418 Åsnes 462 182 10 105 2,2
3419 Våler 237 190 7 058 3,1
3420 Elverum 1 207 416 22 870 1,9
3421 Trysil 418 122 5 973 1,4
3422 Åmot 280 337 6 047 2,2
3423 Stor-Elvdal 174 531 3 233 1,9
3424 Rendalen 136 873 4 020 3,0
3425 Engerdal 108 551 3 867 3,7
3426 Tolga 116 433 1 212 1,1
3427 Tynset 357 672 5 633 1,6
3428 Alvdal 170 006 5 879 3,6
3429 Folldal 118 642 2 070 1,8
3430 Os 135 706 2 287 1,7
3431 Dovre 177 900 6 324 3,7
3432 Lesja 149 420 4 713 3,3
3433 Skjåk 146 410 3 932 2,8
3434 Lom 154 217 4 045 2,7
3435 Vågå 234 196 3 971 1,7
3436 Nord-Fron 365 363 10 853 3,1
3437 Sel 371 097 9 225 2,5
3438 Sør-Fron 197 372 2 671 1,4
3439 Ringebu 277 936 4 200 1,5
3440 Øyer 310 849 6 359 2,1
3441 Gausdal 360 338 4 800 1,3
3442 Østre Toten 850 809 15 766 1,9
3443 Vestre Toten 744 887 18 693 2,6
3446 Gran 798 582 13 682 1,7
3447 Søndre Land 346 471 11 954 3,6
3448 Nordre Land 407 621 11 922 3,0
3449 Sør-Aurdal 220 621 6 210 2,9
3450 Etnedal 107 079 2 505 2,4
3451 Nord-Aurdal 384 085 5 603 1,5
3452 Vestre Slidre 141 874 2 292 1,6
3453 Øystre Slidre 204 937 3 269 1,6
3454 Vang 124 704 6 185 5,2
Til fordeling gjennom året 33 300    
Innlandet 22 032 579 488 156 2,3
       
Innlandet fylkeskommune 5 177 403 106 967 2,1

Fyrste kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2020, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2019 til nasjonalbudsjettet 2020, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.