Historisk arkiv

721 millionar kroner meir i frie inntekter til Trøndelag neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 1,3 milliardar kroner i 2020. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Trøndelag og Trøndelag fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2019 til 2020. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2019. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2019 på 4,9 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2020. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2019 til 2020 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2020 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2020 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2019-2020
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
5001 Trondheim 10 760 962 249 266 2,4
5006 Steinkjer 1 442 440 25 919 1,8
5007 Namsos 982 286 16 972 1,8
5014 Frøya 328 075 6 913 2,2
5020 Osen 81 811 669 0,8
5021 Oppdal 407 921 9 025 2,3
5022 Rennebu 169 887 3 559 2,1
5025 Røros 332 158 4 507 1,4
5026 Holtålen 138 848 4 681 3,5
5027 Midtre Gauldal 380 408 9 234 2,5
5028 Melhus 949 682 28 242 3,1
5029 Skaun 486 355 18 589 4,0
5031 Malvik 779 661 18 340 2,4
5032 Selbu 159 898 3 049 1,9
5033 Tydal 68 377 2 580 3,9
5034 Meråker 166 710 1 902 1,2
5035 Stjørdal 1 007 798 9 873 1,0
5036 Frosta 172 490 4 105 2,4
5037 Levanger 1 158 904 40 982 3,7
5038 Verdal 853 072 12 451 1,5
5041 Snåsa 152 010 5 841 4,0
5042 Lierne 121 468 3 699 3,1
5043 Røyrvik 53 889 750 1,4
5044 Namsskogan 84 460 1 282 1,5
5045 Grong 171 905 4 478 2,7
5046 Høylandet 112 484 3 099 2,8
5047 Overhalla 249 768 2 751 1,1
5049 Flatanger 88 741 5 202 6,2
5052 Leka 56 490 1 931 3,5
5053 Inderøy 435 020 12 840 3,0
5054 Indre Fosen 644 455 9 445 1,5
5055 Heim 399 537 13 416 3,5
5056 Hitra 314 416 9 360 3,1
5057 Ørland 627 179 17 921 2,9
5058 Åfjord 306 773 10 784 3,6
5059 Orkland 1 117 365 24 644 2,3
5060 Nærøysund 634 199 16 423 2,7
5061 Rindal 138 690 2 218 1,6
Til fordeling gjennom året 81 510    
Trøndelag 26 618 100 605 505 2,3
       
Trøndelag fylkeskommune 6 536 830 115 553 1,8

Fyrste kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2020, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2019 til nasjonalbudsjettet 2020, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.