Historisk arkiv

Brot i lønsoppgjeret i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Staten og hovudsamanslutningane blei ikkje einige, og det blei brot i forhandlingane måndag ettermiddag 14. september. Lønsoppgjeret går no til mekling hos Riksmeklaren.

– Eg hadde håpa at partane kunne finne fram til ei løysing gjennom forhandlingane, men det gjekk ikkje. No treng partane bistand frå Riksmeklaren for å kome i hamn, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Bakgrunnen for brotet var mellom anna usemje om berekninga av den disponible økonomiske ramma i staten. Staten tilbydde ein lønsvekst på linje med frontfaget, med 1,7 prosent i årslønsvekst.

Når ein tek omsyn til lønstillegg som blei gjeve i fjor (overheng), forventa lønsauke som følgje av nytilsettingar og lokale tilpassingar (gliding) og ein pensjonskomponent som får verknad frå i år, gjev dette ein årslønsekst på 1,7 prosent. Dermed er det, etter statens syn, ikkje noko disponibel økonomisk ramme i årets oppgjer.

- Eg har forståing for at hovudsamanslutningane synest dette er krevjande. Samstundes er det særs viktig for staten å respektere frontfaget, og å tryggje arbeidsplassar både i offentleg og privat sektor. Dette gjeld særleg i den krevjande og spesielle situasjonen vi er i med tanke på koronapandemien og dei utfordringane den har gjeve oss, understrekar Astrup.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00 eller ke@kmd.dep.no