Historisk arkiv

Godkjenner planar for bustadbygging i Skodje sentrum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i dag godkjent kommunen sine planar om bustadbygging i utkanten av Skodje sentrum. Planane opnar òg for å etablere eit friområde med badeplass ved bustadområdet.

- Planane vil medverke til god tettstads- og sentrumsutvikling, slik kommunen ønskjer. Dette vil bli eit attraktivt bustadområde, og etablering av ein badeplass vil vere eit positivt tilskot til lokalsamfunnet, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Skodje kommune, som nå er ein del av Ålesund kommune, vedtok å setje det aktuelle området av til bustader og friområde i arealdelen til kommuneplanen. Området omfattar 38 dekar dyrka mark, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal fremja motsegn til forslaget sidan det er i strid  med det nasjonale jordvernmålet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i denne saka valt å ikkje ta motsegna til følgje. Departementet meiner at utbygginga er viktig for å møte den forventa veksten i folkesetnaden, og at fleire bustader i nærleiken av sentrum er med på å styrke handel og byliv i tettstaden. Det er òg lagt vekt på at det i kommuneplanen er tilbakeført meir landbruksareal enn det som er omdisponert til utbyggingsføremål.

Les brevet her

Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00