Historisk arkiv

Narvik blir pilot i nye statens hus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Narvik blir ein av fire pilotkommunar som skal teste ut regjeringa sin nye modell for statens hus. Dette blei kjent då distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland besøkte Narvik torsdag 17. september.

Linda Hofstad Helleland og ordfører Runde Edvardsen i Narvik kommune utenfor rådhuset i Narvik
Distrikts og digialiseringsminister Linda Hofstad Helleland, sammen med ordfører Rune Edvardsen. Bak f.v. Elisabeth Wedø, Narvik Krf, Lars Skjønnås, rådmann, Frode Danielsen, Narvikgården AS og Trine Remman, Narvik Høyre. Foto: KMD

Målet er at små og mellomstore avdelingar av statlege etatar skal samarbeide tettare med kvarandre og skape større statlege fagmiljø på mindre stader.

­– Eg er glad for å kunne peike ut Narvik kommune som pilotkommune i statens hus. Dette vil kunne vere med på å vidareutvikle Narvik som ei innovativ og samskapande kommune, saman med statlege etatar som er i kommunen, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland. 

Rekruttere kompetanse

Ein av dei største utfordringane for mange distriktskommunar er å rekruttere og behalde personar med fagkompetanse. I den komande stortingsmeldinga om nordområdepolitikken blir kompetanse og kvalitet i offentleg sektor dregen fram som ein sentral føresetnad for å sikre livskraftige og berekraftige samfunn i Nord-Noreg.

– Eg vonar at denne ordninga vil gjere det lettare å rekruttere og behalde kompetanse i dei statlege etatane som er i Narvik, og lettare å flytte statlege arbeidsplassar frå sentrale område til distrikta, seier Helleland. 

Fire pilotkommunar

Regjeringa vil starte pilotar på inntil fire stader. No er tre peika ut, Stad, Orkland og Narvik. Pilotane vil kunne samarbeide om ulike tema, og dei kan organisere seg på ulike måtar.

  • Nokre pilotar kan ha som mål å oppnå betre resultat innanfor rekruttering, IKT og kompetanseutvikling. Andre kan få på plass felles samhandling med kommunar og fylkeskommune.
  • Pilotar kan samarbeide digitalt i dei lokala dei har i dag, eller dei kan flytte i same bygg, der det er føremålstenleg og mogeleg.

Eit av måla med ordninga er å gjere det lettare å behalde og rekruttere naudsynt kompetanse i distrikta. Det vil i tillegg gje ny kunnskap om kva som er viktige faktorar for å lykkast med lokalisering av statlege verksemder til mindre stader.

I Narvik er det i dag fleire statlege etatar, og det er ikkje avklart kven av desse som vil vere med i pilotordninga. Dette må avklarast av dei ansvarlege departementa, i dialog med dei aktuelle verksemdene.

Spennande område

– Kommunen peikar sjølv på at ein kan få til mykje gjennom gode koplingar mellom fagmiljø, og at summen av slike kraftsamlingar gjer Narvikregionen til eit spennande område for etablering av eit framtidig Statens hus. Som vert vil Narvik kommune vere ei drivkraft når det gjeld å skape effektive offentlege arbeidsplassar no og for framtida. Eg håper statens hus-pilotane vil løfte fram og utvikle arbeidet som kommunane gjer for å vere eit godt vertskap for dei statlege etatane i Narvik, seier Helleland.