Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

Positiv utvikling for samiske føremål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

- Regjeringa har som mål å leggje til rette for at samane kan sikre og utvikle språket, kulturen og samfunnslivet sitt. Dette er viktig for regjeringa, noko som er spegla i forslaget til statsbudsjett for 2021. Regjeringa gjer framlegg om ei total løyving på i underkant av 1,3 milliardar kroner til samiske føremål i dette budsjettet, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Regjeringa foreslår ei løyving på 57 millionar kroner for å ferdigstille nybygget til Sørsamisk museum, Saemien Sijte. Det er òg foreslått ei løyving på 11 millionar kroner til prosjektering av bygg til samlokalisering av Beaivváš samisk nasjonalteater og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule, som vert igangsett i 2021.

– Det er svært gledeleg at vi i samarbeid med Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet både kan setje i gang og ferdigstille desse byggeprosjekta i 2021. Dette er prosjekt vi veit betyr mykje for det samiske samfunnet, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Sametinget får òg auka løyvinga si i budsjettforslaget, mellom anna til gjennomføring av sametingsvalet i 2021 og til innlemming av Tjeldsund kommune i forvaltingsområdet for samisk språk.

Regjeringa aukar løyvingane til samiske formål

Reindriftsavtalen for 2020/2021 auka med 13,4 mill. kroner i 2020, noko som utgjer ein prosentvis auke på om lag 10 prosent frå året før.

– Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for samarbeid med samiske interesser for å etablere gode tiltak for det samiske samfunnet i 2021 og framover. Eit teikn på det er at dei totale løyvingane til samiske føremål har auka jamt og trutt over fleire år, seier Helleland.

Ei samla oversikt over budsjettsaker som gjeld samiske forhold er tilgjengeleg på regjeringen.no, i publikasjonen Bevilgninger til samiske formål i statsbudsjettet 2021.