Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

1 030 millionar kroner meir i frie inntekter til Trøndelag neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2021. – Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi gjer at kommunane kan fortsetje den gode jobben og levere gode tenester til innbyggjarane, både under og etter koronakrisa, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Regjeringa vil ta Noreg ut av koronakrisa ved å skape meir og inkludere fleire. For å sikre eit godt og sterkt lokaldemokrati, vil vi leggje til rette for ein god og føreseieleg kommuneøkonomi. I tillegg til veksten i frie inntekter, får kommunane 1,9 milliardar kroner som kompensasjon for skattesvikt i 2020.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Trøndelag og Trøndelag fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2020 til 2021. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2020. Anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2020 på 2,25 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2020.

For å gjere inntektsnivået i 2020 samanliknbart med inntektsnivået i 2021, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2020 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2020.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Kommune

Anslag på

Vekst frå anslag på

 

frie

 rekneskap 2020 - 2021

 

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2021

kroner

 

 

(1 000 kr)

(1 000 kr)

 

 

1

2

3

5001 Trondheim

11 041 882

371 620

3,5

5006 Steinkjer

1 467 289

48 523

3,4

5007 Namsos

989 359

22 754

2,4

5014 Frøya

330 869

9 880

3,1

5020 Osen

83 446

2 153

2,6

5021 Oppdal

413 924

10 687

2,7

5022 Rennebu

170 189

3 062

1,8

5025 Røros

335 682

9 066

2,8

5026 Holtålen

139 872

4 019

3,0

5027 Midtre Gauldal

389 071

14 035

3,7

5028 Melhus

967 997

26 088

2,8

5029 Skaun

495 637

13 198

2,7

5031 Malvik

796 946

26 270

3,4

5032 Selbu

160 886

5 907

3,8

5033 Tydal

68 423

1 351

2,0

5034 Meråker

167 647

3 320

2,0

5035 Stjørdal

1 011 113

21 124

2,1

5036 Frosta

175 082

5 077

3,0

5037 Levanger

1 174 303

33 591

2,9

5038 Verdal

861 866

19 992

2,4

5041 Snåsa

153 506

4 525

3,0

5042 Lierne

121 641

2 434

2,0

5043 Røyrvik

53 767

1 309

2,5

5044 Namsskogan

86 596

4 006

4,9

5045 Grong

173 383

4 078

2,4

5046 Høylandet

113 508

3 010

2,7

5047 Overhalla

252 250

6 302

2,6

5049 Flatanger

90 410

2 268

2,6

5052 Leka

58 523

2 675

4,8

5053 Inderøy

439 291

9 719

2,3

5054 Indre Fosen

649 761

12 970

2,0

5055 Heim

406 184

13 051

3,3

5056 Hitra

320 634

9 358

3,0

5057 Ørland

644 655

23 517

3,8

5058 Åfjord

313 465

10 968

3,6

5059 Orkland

1 136 674

31 893

2,9

5060 Nærøysund

640 877

13 491

2,2

5061 Rindal

138 596

2 479

1,8

Til fordeling gjennom året

64 900

 

 

Trøndelag

27 100 103

793 159

3,0

       

Trøndelag fylkeskommune

    6 836 115

 236 425

3,6

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2021, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2020 til anslag for 2021 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.