Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

1 488 millionar kroner meir i frie inntekter til Viken neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2022. Veksten i frie inntekter er fordelt med 1,6 milliardar kroner til kommunane og 0,4 milliardar kroner til fylkeskommunane. − Dette set kommunesektoren i stand til framleis å levere gode tenester etter at samfunnet er opna att. No skal vi saman ut av pandemien, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Viken og Viken fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2021 til 2022. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2021. Anslaget inkluderer ei justering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2021 på 5,9 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2021.

For å gjere inntektsnivået i 2021 samanliknbart med inntektsnivået i 2022, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2021 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2021.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

  Anslag på Vekst frå anslag
  frie på rekneskap 2021 - 2022
Kommune inntekter  Nominelle Prosent
  2022 kroner  
  (1000 kr) (1000 kr)  
  1 2 3
       
3001 Halden 1 887 773 14 173 0,8
3002 Moss 2 943 271 50 278 1,7
3003 Sarpsborg 3 509 120 66 398 1,9
3004 Fredrikstad 4 880 516 72 644 1,5
3005 Drammen 6 194 929 90 035 1,5
3006 Kongsberg 1 680 934 33 918 2,1
3007 Ringerike 1 800 265 12 928 0,7
3011 Hvaler 287 126 4 330 1,5
3012 Aremark 102 852 1 169 1,1
3013 Marker 235 329 4 618 2,0
3014 Indre Østfold 2 777 948 53 316 2,0
3015 Skiptvet 238 555 2 581 1,1
3016 Rakkestad 529 242 5 348 1,0
3017 Råde 463 460 10 153 2,2
3018 Våler 356 748 8 273 2,4
3019 Vestby 1 085 484 19 663 1,8
3020 Nordre Follo 3 783 478 68 103 1,8
3021 Ås 1 173 414 23 396 2,0
3022 Frogn 973 558 27 951 3,0
3023 Nesodden 1 187 258 21 542 1,8
3024 Bærum 9 004 027 99 007 1,1
3025 Asker 6 204 608 94 494 1,5
3026 Aurskog-Høland 1 073 433 19 344 1,8
3027 Rælingen 1 120 686 23 782 2,2
3028 Enebakk 648 282 5 390 0,8
3029 Lørenskog 2 515 591 60 448 2,5
3030 Lillestrøm 5 227 075 108 844 2,1
3031 Nittedal 1 484 209 25 030 1,7
3032 Gjerdrum 424 012 5 517 1,3
3033 Ullensaker 2 399 386 45 288 1,9
3034 Nes 1 356 827 25 774 1,9
3035 Eidsvoll 1 554 629 49 906 3,3
3036 Nannestad 851 209 19 900 2,4
3037 Hurdal 191 367 3 542 1,9
3038 Hole  440 109 7 716 1,8
3039 Flå 89 015 441 0,5
3040 Nesbyen 225 448 1 364 0,6
3041 Gol 313 749 4 373 1,4
3042 Hemsedal 180 473 1 129 0,6
3043 Ål 317 946 2 052 0,6
3044 Hol 297 685 2 014 0,7
3045 Sigdal 239 555 1 789 0,8
3046 Krødsherad 171 543 4 863 2,9
3047 Modum 856 987 9 322 1,1
3048 Øvre Eiker 1 192 670 20 750 1,8
3049 Lier 1 686 418 32 388 2,0
3050 Flesberg 190 137 1 555 0,8
3051 Rollag 117 164 1 941 1,7
3052 Nore og Ulvdal 188 242 3 604 2,0
3053 Jevnaker 408 337 2 744 0,7
3054 Lunner 543 635 5 418 1,0
Til fordeling gjennom året 46 000    
Viken 77 651 717 1 286 149 1,7
       
Viken fylkeskommune 14 536 549 202 056 1,4

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2022, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2021 til anslag for 2022 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.