Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

288 millionar kroner meir i frie inntekter til Nordland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2022. Veksten i frie inntekter er fordelt med 1,6 milliardar kroner til kommunane og 0,4 milliardar kroner til fylkeskommunane. − Dette set kommunesektoren i stand til framleis å levere gode tenester etter at samfunnet er opna att. No skal vi saman ut av pandemien, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Nordland og Nordland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2021 til 2022. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2021. Anslaget inkluderer ei justering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2021 på 5,9 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2021.

For å gjere inntektsnivået i 2021 samanliknbart med inntektsnivået i 2022, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2021 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2021.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

  Anslag på Vekst frå anslag
  frie på rekneskap 2021 - 2022
Kommune inntekter  Nominelle Prosent
  2022 kroner  
  (1000 kr) (1000 kr)  
  1 2 3
       
1804 Bodø 3 124 300 26 569 0,9
1806 Narvik 1 408 080 15 598 1,1
1811 Bindal 120 762 1 974 1,7
1812 Sømna 155 336 968 0,6
1813 Brønnøy 517 946 3 932 0,8
1815 Vega 102 244 2 381 2,4
1816 Vevelstad 54 960 324 0,6
1818 Herøy 140 079 1 753 1,3
1820 Alstahaug 469 878 5 851 1,3
1822 Leirfjord 181 088 2 719 1,5
1824 Vefsn 852 700 10 551 1,3
1825 Grane 120 700 1 867 1,6
1826 Hattfjelldal 112 852 717 0,6
1827 Dønna 120 352 1 315 1,1
1828 Nesna 132 575 469 0,4
1832 Hemnes 317 745 2 953 0,9
1833 Rana 1 596 971 23 237 1,5
1834 Lurøy 203 990 1 127 0,6
1835 Træna 52 355 328 0,6
1836 Rødøy 115 590 242 0,2
1837 Meløy 443 536 3 649 0,8
1838 Gildeskål 157 652 463 0,3
1829 Beiarn 93 000 235 0,3
1840 Saltdal 327 319 6 082 1,9
1841 Fauske 591 143 4 690 0,8
1845 Sørfold 157 060 3 032 2,0
1848 Steigen 199 155 2 354 1,2
1851 Lødingen 166 050 4 435 2,7
1853 Evenes 111 339 741 0,7
1856 Røst 54 717 932 1,7
1857 Værøy 74 143 453 0,6
1859 Flakstad 104 169 722 0,7
1860 Vestvågøy 741 842 11 781 1,6
1865 Vågan 613 635 9 793 1,6
1866 Hadsel 531 271 12 273 2,4
1867 Bø 199 442 4 266 2,2
1868 Øksnes 297 071 2 311 0,8
1870 Sortland 660 523 7 790 1,2
1871 Andøy 318 428 2 126 0,7
1874 Moskenes 85 416 667 0,8
1875 Hamarøy 227 520 2 450 1,1
Til fordeling gjennom året 73 000    
Nordland 16 127 931 186 122 1,2
       
Nordland fylkeskommune  5 661 972 102 026 1,8

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2022, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2021 til anslag for 2022 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.