Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

390 millionar kroner meir i frie inntekter til Agder neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2022. Veksten i frie inntekter er fordelt med 1,6 milliardar kroner til kommunane og 0,4 milliardar kroner til fylkeskommunane. − Dette set kommunesektoren i stand til framleis å levere gode tenester etter at samfunnet er opna att. No skal vi saman ut av pandemien, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Agder og Agder fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2021 til 2022. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2021. Anslaget inkluderer ei justering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2021 på 5,9 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2021.

For å gjere inntektsnivået i 2021 samanliknbart med inntektsnivået i 2022, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2021 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2021.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

  Anslag på Vekst frå anslag
  frie på rekneskap 2021 - 2022
Kommune inntekter  Nominelle Prosent
  2022 kroner  
  (1000 kr) (1000 kr)  
       
4201 Risør 438 860 6 027 1,4
4202 Grimstad 1 400 310 27 523 2,0
4203 Arendal 2 685 571 57 278 2,2
4204 Kristiansand 6 700 135 107 447 1,6
4205 Lindesnes 1 486 515 17 958 1,2
4206 Farsund 604 120 6 946 1,2
4207 Flekkefjord 599 025 14 194 2,4
4211 Gjerstad 172 689 947 0,6
4212 Vegårshei 153 007 1 337 0,9
4213 Tvedestrand 389 811 4 574 1,2
4214 Froland 372 087 10 679 3,0
4215 Lillesand 676 051 8 704 1,3
4216 Birkenes 346 777 5 302 1,6
4217 Åmli 159 550 2 440 1,6
4218 Iveland 106 432 1 720 1,6
4219 Evje og Hornnes 242 116 2 106 0,9
4220 Bygland 98 278 1 204 1,2
4221 Valle 96 094 594 0,6
4222 Bykle 91 498 432 0,5
4223 Vennesla 913 027 10 789 1,2
4224 Åseral 80 990 1 940 2,5
4225 Lyngdal 697 260 13 024 1,9
4226 Hægebostad 134 363 3 427 2,6
4227 Kvinesdal 400 528 2 543 0,6
4228 Sirdal 154 093 745 0,5
Til fordeling gjennom året 18 350    
Agder 19 217 538 314 531 1,7
       
Agder fylkeskommune   4 394 878  75 849 1,8

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2022, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2021 til anslag for 2022 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.