Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

550 millionar kroner meir i frie inntekter til Trøndelag neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2022. Veksten i frie inntekter er fordelt med 1,6 milliardar kroner til kommunane og 0,4 milliardar kroner til fylkeskommunane. − Dette set kommunesektoren i stand til framleis å levere gode tenester etter at samfunnet er opna att. No skal vi saman ut av pandemien, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Trøndelag og Trøndelag fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2021 til 2022. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2021. Anslaget inkluderer ei justering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2021 på 5,9 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2021.

For å gjere inntektsnivået i 2021 samanliknbart med inntektsnivået i 2022, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2021 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2021.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

  Anslag på Vekst frå anslag
  frie på rekneskap 2021 - 2022
Kommune inntekter  Nominelle Prosent
  2022 kroner  
  (1000 kr) (1000 kr)  
  1 2 3
       
5001 Trondheim 11 605 274 145 921 1,3
5006 Steinkjer 1 528 719 21 887 1,5
5007 Namsos 1 027 225 14 604 1,4
5014 Frøya 442 132 6 860 1,6
5020 Osen 84 806 416 0,5
5021 Oppdal 436 667 11 197 2,6
5022 Rennebu 174 480 1 146 0,7
5025 Røros 354 546 9 941 2,9
5026 Holtålen 144 785 1 864 1,3
5027 Midtre Gauldal 409 009 8 168 2,0
5028 Melhus 1 034 558 28 624 2,8
5029 Skaun 527 521 16 158 3,2
5031 Malvik 845 853 17 994 2,2
5032 Selbu 273 496 938 0,3
5033 Tydal 70 609 1 590 2,3
5034 Meråker 174 107 2 296 1,3
5035 Stjørdal 1 439 225 32 313 2,3
5036 Frosta 180 101 974 0,5
5037 Levanger 1 233 566 21 603 1,8
5038 Verdal 900 271 8 749 1,0
5041 Snåsa 158 048 1 379 0,9
5042 Lierne 126 864 3 461 2,8
5043 Røyrvik 54 795 189 0,3
5044 Namsskogan 91 279 2 838 3,2
5045 Grong 181 651 2 899 1,6
5046 Høylandet 115 981 730 0,6
5047 Overhalla 269 122 9 465 3,6
5049 Flatanger 98 511 2 103 2,2
5052 Leka 62 572 2 764 4,6
5053 Inderøy 462 300 12 423 2,8
5054 Indre Fosen 660 150 9 805 1,5
5055 Heim 429 332 13 289 3,2
5056 Hitra 342 967 1 991 0,6
5057 Ørland 673 138 10 147 1,5
5058 Åfjord 324 509 3 467 1,1
5059 Orkland 1 183 020 12 249 1,0
5060 Nærøysund 669 642 8 700 1,3
5061 Rindal 142 429 902 0,6
Til fordeling gjennom året 71 760    
Trøndelag 29 005 019 458 905 1,6
       
Trøndelag fylkeskommune  7 067 808 91 331 1,3

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2022, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2021 til anslag for 2022 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.