Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

666 millionar kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2022. Veksten i frie inntekter er fordelt med 1,6 milliardar kroner til kommunane og 0,4 milliardar kroner til fylkeskommunane. − Dette set kommunesektoren i stand til framleis å levere gode tenester etter at samfunnet er opna att. No skal vi saman ut av pandemien, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2021 til 2022. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2021. Anslaget inkluderer ei justering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2021 på 5,9 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2021.

For å gjere inntektsnivået i 2021 samanliknbart med inntektsnivået i 2022, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2021 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2021.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

  Anslag på Vekst frå anslag
  frie på rekneskap 2021 - 2022
Kommune inntekter  Nominelle Prosent
  2022 kroner  
  (1000 kr) (1000 kr)  
  1 2 3
       
1101 Eigersund 931 699 13 013 1,4
1103 Stavanger 8 960 437 144 046 1,6
1106 Haugesund 2 205 767 16 281 0,7
1108 Sandnes 4 831 844 112 460 2,4
1111 Sokndal 232 977 2 861 1,2
1112 Lund 215 556 2 406 1,1
1114 Bjerkreim 186 153 1 175 0,6
1119 Hå 1 158 660 28 138 2,5
1120 Klepp 1 175 367 24 023 2,1
1121 Time 1 147 883 24 606 2,2
1122 Gjesdal 742 094 16 164 2,2
1124 Sola 1 747 061 45 005 2,6
1127 Randaberg 706 754 13 099 1,9
1130 Strand 801 073 13 802 1,8
1133 Hjelmeland 201 977 1 688 0,8
1134 Suldal 287 426 4 456 1,6
1135 Sauda 322 394 2 098 0,7
1144 Kvitsøy  51 919 826 1,6
1145 Bokn 72 621 -260 -0,4
1146 Tysvær 725 611 17 833 2,5
1149 Karmøy 2 514 408 40 668 1,6
1151 Utsira 36 185 1 403 4,0
1160 Vindafjord 582 345 1 456 0,3
Til fordeling gjennom året 17 300    
Rogaland 29 855 509 531 643 1,8
       
Rogaland fylkeskommune 6 613 771  134 434 2,1

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2022, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2021 til anslag for 2022 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.