Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

Kommunesektoren får styrkt dei frie inntektene med 2 milliardar kroner i 2022

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Norsk økonomi er ute av krisa. No skal vi saman ut av pandemien. Vi skal fortsetje å skape meir og inkludere fleire. For å setje kommunane i stand til å levere gode tenester til innbyggjarane sine, foreslår regjeringa at kommunesektoren får ein vekst i frie inntekter på 2 milliardar kroner i 2022.

Av veksten på 2,0 milliardar kroner foreslår regjeringa at 1,6 milliardar går til kommunane, medan 0,4 milliardar går til fylkeskommunane. Veksten er i samsvar med det som blei varsla i kommuneproposisjonen.

100 millionar kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane er grunngjeve med satsing på fleire barnehagelærarar.

− Vi vil styrkje kompetanse i barnehagen, og har ein ambisjon om at halvparten av dei tilsette i barnehagane skal vere barnehagelærarar innan 2025. seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Også i 2022 vil det vere behov for ekstra innsats for å inkludere fleire i arbeidslivet, tette kunnskapshol og hjelpe dei som slit. Regjeringa foreslår at 100 millionar kroner av veksten går til tiltak for å styrkje barn og unge si psykiske helse. 75 millionar kroner vert knytt til kommunane og 25 millionar til fylkeskommunane.

Ekstraordinære skatteinntekter

Regjeringa talfesta ein auke på 3,2 milliardar kroner i kommunesektoren sine skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett for 2021. Kommunane tek med seg desse inntektene til 2022. Det inneber difor ein varig auke i inntektene.

Vi anslår at skatteinntektene aukar med ytterlegare 5,9 milliardar kroner i 2021. Desse inntektene er ei eingongsinntekt, som er med med på å styrkje kommuneøkonomien i 2021.

Auken i skatteinntektene er ein klar indikasjon på at det går bra i norsk økonomi.

Det går godt i Kommune-Noreg

Dei gode driftsresultata i kommunane dei siste åra har ført til at talet på kommunar i ROBEK har gått frå 46 i 2013 til 17 ved inngangen til oktober 2021.

Kommunane og fylkeskommunane har samstundes bygd seg opp solide reservar. Ved utgangen av 2020 utgjorde disposisjonsfonda om lag 69 milliardar kroner, mot om lag 30 milliardar kroner ved utgangen av 2013.

− Regjeringa har heile tida vore oppteken av at kommunane skal ha ein god og føreseieleg økonomi. Gode driftsresultat, få kommunar i ROBEK og at mange kommunar har oppsparte middel syner at det går godt i Kommune-Noreg, seier Astrup.

Fylkesvis oversikt

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00