Historisk arkiv

Jon Hustad tildelt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

TV2-profilen, Dag og Tid-journalisten og debattanten Jon Hustad vart fredag tildelt prisen på 50.000 kroner og eit kunstverk under Dei nynorske festspela i Ørsta.

Juryleiar Håkon Haugsbø og prisvinnar Jon Hustad.
FEKK PRISEN: Jon Hustad (t.v.) vart tildelt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar under Dei nynorske festspela. Juryleiar Håkon Haugsbø meiner prisvinnaren er ei kritisk og viktig røyst i den norske samfunnsdebatten. Foto: Randi Indrebø, NRK

Juryen meiner Hustad er ein uredd journalist som baserer seg på fakta og grundige undersøkingar når han vågar å utfordre det politisk korrekte og stille spørsmål ved etablerte sanningar. Hustad har markert seg som ei kritisk og viktig røyst i den norske samfunnsdebatten, både i avis, på TV og i sosiale medier.

Les heile saka på nettsida til Nynorsk mediesenter

Juryleiar Håkon Haugsbø og prisvinnar Jon Hustad.
VIKTIG RØYST: - Jon Hustad har vore på ei identitetsreise dei siste fire åra, seier juryleiar Håkon Haugsbø (t.v.). Hustad fekk fredag tildelt prisen på 50.000 kroner og eit kunstverk av Oddvar Torsheim. Foto: Rune Fossum, NRK