Historisk arkiv

Harald Thingnes i NRK Sporten får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Når det kjem ein fjernsynsreportasje av Harald Thingnes, veit du at du får noko meir enn eit reint sportsreferat, du får eit kvalitetsprodukt både språkleg og journalistisk, skriv juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

Harald Thingnes
Foto: Ole Kaland / NRK

Prisen er på kr. 50.000 og eit kunstverk og vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag 8. juni kl.11.30.

Harald Thingnes har arbeidd i NRK Sporten i 20 år, og var før det tre år i nyhendeavdelinga i TV Norge. Juryen legg vekt på at det er leik med ord, og samspelet mellom orda og bileta, som er Harald Thingnes sitt varemerke, same kva han rapporterer om. 

Thingnes framhevar NRK som ein god arbeidsplass for å utvikle språket sitt. Han har aldri opplevd det som negativt å vere nynorskbrukar i NRK, sjølv om han i lengre periodar har vore den einaste nynorskbrukaren i NRK Sporten.

Thingnes vaks opp i Vevring i Naustdal kommune, og ifylgje juryen nyttar han nynorsk normaltalemål med ein klår sunnfjordfarge.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar har vore delt ut sidan 2006. Prisen skal fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre. NRK Nynorsk mediesenter er sekretariat for prisen.

Les heile grunngjevinga frå juryen (.pdf)

Les meir om Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar på nettsida til nynorskmediesenter

Kontaktpersoner:
Solveig Barstad er leiar for juryen 950 79 942. 
Magni Øvrebotten er sekretær for juryen 970 55 201.