Historisk arkiv

90 millionar kroner til nye mottakarar av tippemiddel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Frå og med 2014 har fleire organisasjonar enn før kunne søke om pengar frå Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Kirkens Bymisjon, Stiftelsen Norsk Luftambulanse, Hørselshemmedes Landsforbund, Norske Kvinners sanitetsforening, Den norske turistforening og Norges Astma og Allergiforbund er av organisasjonane som no får auka inntekter.

- Det er gledeleg at nye organisasjonar får høve til å ta del i speleoverskotet, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Fram til no er det berre organisasjonar som hadde inntekter frå speleautomatar i 2001 som har fått pengar frå Norsk Tipping sitt overskot, som er øyremerka samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.  Frå 2014 kan også andre organisasjonar motta pengar frå delar av denne potten.

Tilskota blir fordelt av Lotteritilsynet etter søknad. Søknadsfrist er 1. september kvart år. I år kom det inn 46 søknadar, og 90 millioner kroner er fordelt til dei 23 organisasjonane som fyller kriteria i ordninga.  

- I tråd med regjeringa sin frivilligheitspolitikk ønskjer vi så lite byråkrati som råd knytta til ordningar for statlege tilskot. Fordelingsmodellen tar difor utgangspunkt i gjenbruk av data frå momskompensasjonsordninga, seier kulturministeren.

Fordelingsgrunnlaget for søkarane er driftskostnadane til sentralleddet av organisasjonen, med somme frådrag.